Lokallagssendingen aktivitetstips og informasjon som går ut til alle lokallaga og distriktslaga to ganger i året. Sendingen skal gje eit innblikk i kva som føregår i organisasjonen og kva som skjer framover. Vi håpar informasjonen er til nytt og inspirasjon for deg og ditt lag.
Lokallagssendinga er lagt ut på bygdekvinnelaget.no, og sendt til alle lokallagsleiarane og distriktsleiarane i posten. Her er litt av det du kan lese meir om i vårens lokallagsutsending:
Frivillighetens år 2022
Frivillighetens år i 2022 er ei feiring av frivillige lag og organisasjonar. Dette året skal frivilligheita vise fram frivilligheita si betydning og innsats. Frivillighet Norge koordinerar Frivillighetens år 2022, og har laga ei nettside med informasjon og idear. Norges Bygdekvinnelag har meldt inn sin VÅR DAG til 16. oktober 2022. Vi skal feire frivilligheten heile året, men denne dagen skal vi verkeleg vise fram og setje søkelyset på kva betydning Bygdekvinnelage har for lokalsamfunn rundt om kring i heile landet. Bli med!
Forslag til årets lokallag?
Norges Bygdekvinnelag kårar kvart år årets lokallag som får både heder, ære og prispremie på kroner 20 000,-. Kåringa er med på å vise fram den gode aktiviteten i regi av lokallaga, og vinnarane er ei inspirasjonskjelde og forbilde for andre Bygdekvinnelag.
Har du forslag? Fyll ut forslagsskjemet og send inn ditt forslag til distriktsstyret innan 21. februar 2022!
Sammen for inkludering
Et nytt prosjekt i Norges Bygdekvinnelag. I pilotprosjektet skal nokre utvalde lokallag og kommunar skal jobbe saman med Norges Bygdekvinnelag for å tilby minoritetskvinner kompetansegjevande aktivitet og opplæring. Les meir om det spennande prosjektet i lokallagsutsendinga.
Norges Bygdekvinnelags Landsmøte 10.-11. juni 2022
På landsmøtet vert dei store sakene vedtatt og diskutert. Hugs fristar for innspel til saker, og gje valnemda forslag på kandidater til nye styremedlemmer.
Vis fram Bygdekvinnelaget veke 5,6 og 7
Under vervevekene er det fint å ha aktivitetar som viser fram laget og let det vere ekstra enkelt for nye å melde seg inn i laget. Under organisasjonsdokument på bygdekvinnelaget.no finn du forslag til bannerar og ulike bilder til sosiale media.