Norges Bygdekvinnelag har jobba lenge for at momskompensasjonsordningen skal fullfinansierast og rettighetsfestast. Fram til no har ein berre fått kompensert for delar av ugiftene ein har hatt til meirverdiavgift.
- I dag kan vi juble for at frivillige organisasjonar endeleg har fått tilbakebetalt alle sine meirverdiavgifter ein har hatt for kjøp av på varer og tenester i 2020, seier Aurbakken. Ho understrekar at no må vi jobbe vidare for at ordninga skal verte regelstyrt og rettigheitsfesta, slik at det vert ein rettigheit for alle frivillige organisasjoner å få all moms tilbake.
Frivillighet Norge jubler for historisk milepæl for frivilligheten
I følge frivillighet Norge har Lotteri- og stiftelsestilsynet i år utbetalt 1,816 milliarder kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjoner. For første gang i historia dekkjer dette alle frivilligheita sine momsutgifter på varer og tenester. Generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen uttalar på frivillighetnorge.no at han er glad for den første utbetalingen med full momskompensasjon.
Norges Bygdekvinnelag oppmodar alle lag om å søke om momskompensasjon
Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke frivillige organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Norges Bygdekvinnelag sender ut informasjon til alle sine lokal- og distriktslag om søknad om momskompensasjon i april, men, allereie no kan ein førebu seg ved å registrere seg i Frivillighetsregisteret.
Alle lag må vere registrert i Frivillighetsregisteret
Det er eit krav at alle lokale og regionale lag som skal søke om momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret med eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, og er noko bankane krev for å kunne ha konto i banken, Vipps eller liknande. Ved å vere registrert i Frivillighetsregisteret kan du også ta del i Grasrotandelen til Norsk Tipping.
For å bli registrert i Frivillighetsregisteret, må ein først vere registrert i Enhetsregisteret. Du kan registrere laget i begge registera samtidig – eller berre i Frivillighetsregisteret, om de allereie er i Enhetsregisteret.
Det er heilt gratis å stå i frivillighetsregisteret, og det er enkelt å registrere seg. Gå inn på Brønnøysundregistrene for å registrere laget:
https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/
Før du skal registrere laget er det lurt å ha fødselsnummer på alle som skal registrerast med ei rolle (styret) og stiftelsesdokumentet klart. Om ditt lag ikkje har stiftelsesdokument kan du legge ved Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter. Stiftelsesåret for Norges Bygdekvinnelag er 15. november 1946. Norges Bygdekvinnelag sine vedtekter finn du her!