Norges Bygdekvinnelags lokal- og fylkeslag kan no sende inn søknaden om momskompensasjon for rekneskapsåret 2017.
Momskompensasjon er eit verkemiddel for å styrke friviljuge organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
God moglegheit for å spare pengar
I fjor søkte 226 lokallag, 16 fylkeslag og Norges Bygdekvinnelag sitt sentralledd om momskompensasjon for 2016. Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle lokal- og fylkeslag til å sende inn søknad. Alle lag sender søknaden til Norges Bygdekvinnelag som sender den vidare på vegne av laga.
Lag som har kostnader under 5 millioner treng ikkje godkjenning frå autorisert revisor. Noko som gjeld alle våre lag. Bygdekvinnelaget nyttar forenkla søknadsmodell. Det vil seie at søknaden er basert på laget sine samla kostnader.
Erfaringa frå tidligare år er at dei aller fleste lokallaga finn riktig beløp for brutto (sum) driftskostnader. Likevel er det ein gjengangar at ein korrigerar for kostnader som ikkje har merverdiavgift, eller andre forhold ein trur ikkje er kompensasjonsberettiga. For lokallaga og fylkeslaga skal ein kun oppgje summen av dei kostnadene (utgiftene) som laget har hatt i rekneskapsåret.
Frist for innsending 20. juni 2018!
Har ikkje laget ditt organisasjonsnummer?
Når du registrerer lokallag ditt i frivillighetsregisteret får de dykkar eige organisasjonsnummer. Organisasjonsnummer er nyttig, og er noko dei fleste bankar krev for å kunne ha bankkonto for laget. Ved å vere registrert i Frivillighetsregisteret kan du også ta del i Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Det er heilt gratis å stå i frivillighetsregisteret, og det er enkelt å registrere seg. Gå inn på brønnøysundregistrene for å registrere laget:
https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/
Korleis går eg fram for å søkje om momskompensasjon?
Fyll inn driftskostnadene (sum alle kostnader som laget har) frå fjorårets rekneskap (2017) i skjemaet som ligg ved. Legg ved signert rekneskap for 2017 (resultatrekneskap og balanse). Send dette til Norges Bygdekvinnelag, Pb. 9358 – Grønland, 0135 Oslo eller på e-post til post@bygdekvinnelaget.no
Vil du sende søknaden til oss direkte på e-post - gjer følgjande:
- Lagre søknadsskjemaet på din datamaskin
- Fyll inn alle data. Husk å skrive namnet ditt der det står signatur med ein S i parantes bak namnet. Eksempelvis: Kari Nordmann (S).
- Legg ved søknadsskjema og signert rekneskap i e-posten.
- NB! Skriv i e-posten du sender til meg at ”Eg Kari Nordmann bekrefter at eg med dette sender søknad om momskompensasjon for ………… Bygdekvinnelag”. Helsing Kari Nordmann
Ta kontakt med Bygdekvinnelaget sitt sekretariat om du har spørsmål, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan.
Frist for innsending 20. juni 2018!