Vi fekk med fleire lag i ei arbeidsgruppe som skulle arbeide med dette, og kommunen var velvillige og vi fekk bruke Bjørg på Frivilligsentralen som sekretær. Dette var til stor hjelp. Arbeidsgruppa består av Valldal Helselag, Fjøå Helsela, Pårørandeforeiniga, Valldal Bygdekvinnelag og sjølvsagt dei tilsette. Lions ville gjerne vere med på praktisk arbeid.
Vi måtte sjølsagt ha pengar, vi skreiv tiggarbrev til lag og bedrifter og fekk 28000 kr. I tillegg fekk vi gode rabattar på gartneri og butikkar, gratis plantepyramidar og jordbærplantar.
Har hatt 3 dugnadar med godt frammøte, og også frivillige som vatna og stelte hagen i sommarhalvåret.
Stor takk for all hjelp og støtte !
Har lagt link til artiklar vi sende til Storfjordnytt etter kvar dugnad. Der står litt meir om kva vi har tenkt og gjort.