Dortheas julekort: Julefeiring

Video: Dorthea Kvåle i Orkland Bygdekvinnelag i Trøndelag deler minner fra barndommens julefeiring - som hvor laaang tid det tok for de voksne å spise ferdig julemiddagen, før gaveåpningen.

Julefeiring

 

Juletreet kom inn julekvelden og vi pynta treet når mor og far var i fjøset. Husdyra skulle også ha ekstra omsorg.

Huslyden var bestefar, tante, mor og far, etterkvart vart vi fem søsken. I jula kom far sine søsken heim, dei var studentar og det var gildt. Dei leika med oss ungane.

Juletreet hadde levende lys som mor tente før julemiddagen og som brann heilt ned før kvelden var omme. Bestefar las juleevangeliet og vi feira barnet. Middagen var mjølksuppe, lutefisk, kveite, mandelpotet, lefse, flatbrød og smør som var lagt i form. Også vi ungane var spente og uroleg og tenkte på pakkane og dei vaksne hadde SÅ god tid ved bordet. Etterpå gjekk vi rundt juletreet og song julesongane vi hadde lært heime og på skulen. Vi lærte blant anna «Nu vandrer frå hver en verdens krok».

Så kom nissen

Også kom julenissen og dundra på døra og spurte om det var noen snille ungar her. For var vi ikkje snille før jul fekk vi ingen gaver, så var det rart om vi var litt redde? Julenissen fekk ingen klem, men vi fekk pakkene. Gavene var klær vi trengte, spill, gnav, bøker, svarteper og sjokolade. Det var tanter og onkler som gav harde pakker. Julekvelden vart avslutta med multekrem, heggbærlikør, julekaker, epler fra Lier og appelsin, og vi var lykkeleg og glad. Og nissen fant vi ut etter noen år, var den som gjekk på do og kom tilbake når nissen hadde gått.

Første juledag

Juledagsfrukost var ikkje til å tru, for på kvardagen var ost og syltetøy eller graut. Da fekk vi rull av storfe, sau, svin, sylte, leverpostei med sylta rødbeter, sursild, syltetøy, songraut, julebrød, grovbrød, lefse, skrivabrød og kjeks, og smørformene stod og glitret. Ja minnene lever.

Første juledag var høgtidsdag. Kun nødvendig arbeid var lov. Det var inne- og heimedag. I radioen var det gudstjeneste og alle måtte høyre på og vere stille. Radioen hadde vi mykje glede av. Kunnskapen, musikken, underhaldning og ikkje minst sporten. Der inne var den store verda.

Juledagsmiddagen var ribbe, kjøttkaker og steik, erter, surkål og gulrot, potet og saus. Desserten var riskrem og raud saus. Etter middagen var det kvile for karane og oppvask for kvinnene. Og ein kort kvile, før kaffen skulle fram med alle julekakene framme.

 

Illustrasjonsfoto: Julekort, Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

For oss ungane var det kjedeleg å vere inne, for dagane besto i å leike med naboungane og vi for ut og inn hos kvarandre, og så ville vi gjerne vite kva vennene hadde fått til jul. Juledagen vart avslutta med kakao og kveldsmat og det var gildt.

Juleselskap og julebukk

Fram til 20. dag jul var det juleselskap borte og heime sammen med slekt og venner. Føtter, hest og slede var farkosten under skinnfellen i all slags vær. Minnene gjer meg glad og eg kjenner lukta av snø, hest, knistrande føre, storm og stødig skyss.

Det var mange juletrefester der lærarane var viktige ressurspersonar. Foreldra laga kakao, kaffe og laga smørbrød. Og julesongen rundt treet løfta mest taket av ungdomshuset.

 

 

Vi ungene/ungdommene gjekk «julebukk», fekk servert julebakst og øl. Ølet smaka ymse og vi hadde det svært moro.

Etter konfirmasjonen fekk eg gå på dansfest i mellomjula. Der samlast folk i alle aldre og vi dansa med kvarandre til langt på natt. Mykje latter og støy og vi lærte å danse.

Nyårskveld

Nyårskveld var heimekveld med god mat og drikke. Vi takka kvarandre for det gamle året og ønskte kvarandre alt godt i det nye året.

Kjenslene er takksemd for ein trygg og god oppvekst der vi mangla ingen ting.

 

Gledeleg jul!

 

Dorthea Kvåle

Orkland Bygdekvinnelag

Bli medlem