- Over heile landet vil Bygdekvinner dele ut over 8 000 posar med råvarene til ei grønsakssuppe, seier leiar i Norges Bygdekvinnelag Ellen Krageberg.
Sunt og kortreist
Nordmenn vil ete sunnare og er i aukande grad opptekne av å ete norsk og kortreist mat. Eit auka inntak av grønsaker vil ikkje berre vere avgjerande for helsa, men er òg bra for klima og matsikkerhet.
Norske rotgrønsaker og betar er fulle av vitaminar og mettande fiber. Helsegevinsten med å auke inntaket av grønsaker er enorm og helsemyndigheitene fastslår at 5 om dagen kan førebygge livsstilssjukdommar som overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft.
- Eg brukar mest løk, gulrot og poteter i det daglige, og gløymer fort alle dei andre gode rotgrønsakene og betene vi har i Noreg, seier Krageberg.
Måndag 16.oktober møtte Ellen Krageberg Helsedirektør Bjørn Guldvog. Les mer her.
Olaug Bollestad (KrF) sier JA til norske grønnsaker. Les mer her.
Samarbeid med Gartnerhallen
Med Gartnerhallen som samarbeidspartnar set Bygdekvinnelaget søkjelyset på norske grønsaker som ei sunn og god råvare.
Grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa
Norges Bygdekvinnelag vil auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker, og kjendiskokk Harald Osa har laga ei eiga oppskrift på grønsakssuppe til matvaredagen.
Oppskrift på grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa
Ingrediensar til fire porsjonar:
2 raudbetar
2 mellomstore lauk
2 gulrøter
2 mellomstore poteter
1 persillerot
2 blader grønkål
Ei klype tørka timian
1 laurbærblad
Salt
Slik gjer du:
1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjær raudbetar, lauk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjær blada i tynne strimler.
2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkål, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Ha i timian, laurbærblad og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoke i 15-20 minutter til alle grønsakene er møre. Tilsett grønkål rett før servering.
Tips!
Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøtsmak kan du gjerne koke med 4-6 skiver bacon skore i terningar eller ha i eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege. Raudbetane i denne oppskriften gjev suppa smak og ikkje minst farge, men det kan også utelatast til fordel for ei ¼ lita kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg fram til nettopp di favorittsuppe, og husk at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.