- Rågo sine kundar er glade i mat, og vil ha dei beste råvarene frå eige nærområde og med god haldbarheit, seier Gustav Myraune, som saman med kona Hanne Askestad Myraune eig og driv Trondheims Kjøkkenhage AS, - som Rågo er ein del av.
Myraune såg at det var vanskeleg for kundane å få tak i denne typen lokalmat i butikkane, og ville sjølv skape noko meir ut av garden sine ressursar for å kunne verte heiltidsbonde.
Aukande interesse
Interessa for levering av ferske råvarer aukar, og under "Trøndersk matfestival" i august fekk dei heile 400 nye abonnentar. Ryktet om matkassene spreier seg frå munn til munn, og på Facebook.
- Det er fleire som er genuint interessert i å lage mat frå botnen av og ønskjer å ha måltidet som ei sosial setting. Det vert sagt at verdas største sosiale kanal er matbordet, seier Myraune.
Med Rågo ønskjer ekteparet å gje folk friskare råvarer, gjere innkjøpa deira enklere og gje folk ein moglegheit for å ta sunnare val i kvardagen.
- Borna står og hoppar og vil sjå kva som er med i kassene når matkassene kjem på døra. Vi ser at familiane som mottek matkasse har fokus på grønsaker og sunn mat, fortel Myraune.
Rågo leverar ulike matkasser, og fleire av kundane er òg opptatt av zero waste, som handlar om minst mogeleg avfall. Trekassa som varene vert levert i er gjenbruk, og det vert brukt minst mogeleg emballasje.
Ønskjer norskprodusert artisjokk og bønner
- Vi prøvar oss med litt nye grønsaker i kassa heile tida, men vi ser at det er det tradisjonelle det går mest av. Det er litt paradoksalt sidan det er dei sære tinga vi får skryt for. Difor er vi avhengig av stadig å introdusere kundane våre for nye produkt, seier Myraune.
Hjå Rågo leverar artisjokk og bønner, grønsaker som det er vanskeleg å få tak i norskprodusert. Grøntprodusentane vil utfordre det at Noreg ligg langt nord, og dyrke og levere sortar som er uvanleg i Noreg. Asparges, artisjokk og savoykål er grønsaker som har blitt veldig populært blant Rågo sine kundar.
- Folk flest er ikkje svoltne lenger - vi skal smake, seier Myraune.
Han trur forbrukaren kjem til å verte enno meir interessert i nye smakar.