Dei to vinnarane har fått kvart sitt gåvekort til ein verdi av 10 000 kroner, som kan brukast til ein eller fleire overnattingsturar i dei unike tretopphyttene i Ringsaker saman med familie og vener. Norges Bygdekvinnelag ønskjer god tur og god fornøyelse!
240 spreke kvinner og menn har delteke i trimkonkurransen "Mosjon 52". Alle som har sendt inn kortet sitt i konkurransen får eit diplom tilsendt på e-post.
Me har også trekt tre heldige vinnarar som får flotte turklede frå Fjellreven. Desse er: Ingeborg Herstad frå Sola, Grethe Skar frå Plurdalen og Hanne Lersveen frå Ullensaker.
Gratulerer og takk for deltakinga!