1. plassen i fotokonkurransen gjekk til Gro Mabel. Foto: Gro Mabel Anda
1. plassen i fotokonkurransen gjekk til Gro Mabel. Foto: Gro Mabel Anda
"Hane i ramme av rim". Foto: Mari Sletten
"Hane i ramme av rim". Foto: Mari Sletten
God turstemning i biletet til Borgny som stakk av med 3.plassen. Foto: Borgny Sletten.
God turstemning i biletet til Borgny som stakk av med 3.plassen. Foto: Borgny Sletten.
Malerisk frå Vøringsfossen. Foto: Stian Nesøy.
Malerisk frå Vøringsfossen. Foto: Stian Nesøy.
Signe Lise med "I bro over Harteigen". Mykje turglede her! Foto: Signe Lise Børve.
Signe Lise med "I bro over Harteigen". Mykje turglede her! Foto: Signe Lise Børve.

Vinnarane av årets siste fotokonkurranse er….

Gro Mabel Anda, Mari Sletten og Borgny Sletten stakk av med dei tre første plassane i fotokonkurransen «høstfarger». Dei tre vinnarane får deilige ullprodukt i Lanullva-serien frå Vinje Ullvarefabrikk. Norges Bygdekvinnelag gratulerer!

Bygdekvinnelaget sine fotokonkurransar gjennom dei fire årstidene er ein del av vårt prosjekt «Bygda i bevegelse». På Instagram, Facebook og e-post har me fått inn mange flotte haustbilete dei siste vekene, takk for alle bidraga!

1. plass – Gro Mabel Anda (Kleppe): Biletet som stakk av med sigeren syner at også hausten er ei fin tid for aktivitet utandørs. Gleda til dei to på biletet smittar, og fargane i biletet harmonerer svært godt.

2. plass – Mari Sletten (Lom): «Hane i ramme med rim» har fotografen kalla dette blinkskotet. Biletet syner at også kulda og den kvite fargen er ein del av hausten, samstundes som hanekammen lyser opp. Fin komposisjon!

3. plass -  Borgny Sletten (Vinstra): Her har fotografen lukkast med å fange den gode stemninga då ho var med Lom Bygdekvinnelag ute på tur, med matlaging, kaffibål og prat ved eit blikkstille vatn. Borgny Sletten frå Ruste Bygdekvinnelag har sendt inn flotte bidrag til fleire av våre fotokonkurransar i år.

Dei tre vinnarane får fine ullklede frå Lanullva og Vinje Ullvarefabrikk.

I tillegg gratulerer me også Stian Nesøy (Sogndal) og Signe Lise Børve (Hovland) som får kvar si overrasking i posten for høvesvis 4. og 5.plass i konkurransen. Sjå alle bileta i karusellen ovanfor og på www.facebook.com/bygdekvinnelaget 

4. plassen gikk til Stian Nesøy for dette blinkskotet av Vøringsfossen. Foto: Stian Nesøy.

5.plassen gjekk til Signe Lise Børve med Broteigen i bakgrunnen. Foto: Signe Lise Børve.

 

 

 

 

BYGDA I BEVEGELSE

I 2016 løftar Norges Bygdekvinnelag fram kvardagsaktiviteten, og Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer i prosjektperioden til 650 opne folketurar over heile landet gjennom dei fire årstidene, med fokus på turglede og utemat. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar i naturen, senke terskelen for å kome seg ut på tur og motivere fleire til å vere fysisk aktive gjennom heile året.

Bli medlem