Ville vekstar

Ta turen ut og nyt alt det naturen har å by på av ville vekstar. La deg inspirere av Bygdekvinnelaget sitt nye hefte med utdrag frå boka "Fra naturens spiskammer"!

Med råvareaksjonen "Ville vekster" vil Norges Bygdekvinnelag at fleire skal bli kjent med det rike mangfaldet av ville vekstar vi har i den norske naturen. Å hauste av dei lokale ressursane er positivt for miljøet, og auker nærleiken og kunnskapen om naturen rundt oss.

Bygdekvinnelaget sitt hefte med utdrag frå boka "Fra naturens spiskammer"

Aktivitetstips
Har du og ditt Bygdekvinnelag lyst å bli med å utforske naturen. Kva med å ta med bygda på tur med temaet "Vill i naturen". Her finn dykk fleire aktivitetstips!
Send e-post til post@bygdekvinnelaget.no for bestilling av hefter og tipsark!

Samarbeid med Nina Hensley og Anne Mæhlum
Nina Dreyer Hensley, Anne Mæhlum og Jim Hensley har skreve bok "Fra naturens spisskammer". Bygdekvinnelaget har vore så heldige å få samarbeide med Anne og Nina,  og bruke delar av den fantastiske boka i vårt hefte. 

Bygdekvinnelaget sine medlemmar kan kjøpe boka for kroner 350,-. Send SMS med kodeord SPISKAMMER til 2030.

"Fra naturens spiskammer"
"Fra naturens spiskammer" er ei inspirasjonsbok og kokebok om å ta turen ut og nyte alt det naturen har å by av på ville vekster, bær og sopp. Boken er til god hjelp for både deg som kan litt og for deg som er usikker, men vil lære. Det kan vere starten på et nytt og rikere uteliv. God tur!

Boka presenterar 54 spiselige, ville vekstar du finn her i landet. Den viser korleis ein kan bruke dei ulike vekstane i ein matrett, som krydder eller berre som garnityr. I boka er det informasjon og artsbestemmande bilder av alle plantane, slik at den skal vere enkel å finne.

Bli medlem