Tekst: Torunn Elise Kveen, Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon har eit spennande prosjekt gåande vi kallar «Åpent for alle», som ei vidareføring og utvikling av arbeidet og prosjektet «På norsk».
Meir opne og inkluderande
Med «Åpent for alle» har vi som mål over eit treårsløp å halde 120 kurs rundt om i Norge, der vi legg oss ekstra i selen for å bli enda meir opne og inkluderande, få kursa enda meir relevante og lågterskel nok til å få med deltakarar som er ganske nye i Norge og med språket vi brukar. Vi ynskjer å arrangere kurs i innanfor alle våre fagområde, som inviterer inn og inkluderer «ferske nordmenn». Vi ynskjer å kunne bidra med mellom anna relevant språktrening, kulturforståing, eit fellesskap å vera del av og tilbod om eit nettverk å høyre til.
Sprellande fersk prosjektleiar
Ei så viktig oppgåve kan ikkje gjerast med eine handa på ryggen. Vi har difor tilsett Kristin Teigen Stasviken i ei sprellande fersk prosjektstilling. Kristin kjem frå læraryrket med klasserom og elevar, og har slik solid erfaring med læring og formidling. Nå står ho i dobbel forstand framom ei spennande reise i Studieforbundet sine fagområde og medlemsorganisasjonar. Heilt blank på kultur- og tradisjonsfag er ho absolutt ikkje, med fele i den eine handa og sneiser i den andre. Mykje spennande og nytt blir det likevel, når ho nå har teke fatt på ei innhaldsrik rundreise i Studieforbundet sine medlemsorganisasjonar og lokallag for å gjera seg kjend, og bli kjend. Ho er sjølv spent på mottakinga i organisasjonane:
– Eg er spent på korleis denne satsinga blir teke i mot av lokallaga der ute. Eg håpar å møte engasjement for at mangfald er spennande, og at vi felles har eit ansvar for at alle skal få høyre til. Det er viktig for oss å skape interesse og engasjement for at tradisjonar, til dømes eit handverk, skal formidlast vidare til alle som er interessert og har lyst til å lære. Eg har hatt fleire spennande møte med leiarar i ymse lag og foreiningar som er komne langt, med denne typen arbeid, og det skal bli spennande å følgje dei vidare. Jobben blir å få fleire på banen, syne fram alt det gode arbeidet som er gjort og resultata som er oppnådd, for så å overtyde andre om kor viktig dette er. Eg ser fram til å treffe fleire som har erfaringar frå feltet dei vil dele, gjerne på godt og vondt eller folk som ønskjer tips og råd om korleis dei kan jobbe for å auke det inkluderande arbeidet sitt, seier Kristin.
Om prosjekt «Åpent for alle»
Tiltaket vil vera ei vidareføring og utvikling av eit treårig prosjektarbeid «På norsk» som Studieforbundet har utvikla med støtte frå IMDI. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap. Dette kan gjerast gjennom å skape ein god arena for inkludering i ordinære kurs eller opprette eigne kurs med inkludering som mål. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, leksehjelp, manusarbeid, med meir. Vi har hatt kurs som «Mat på norsk», «Manus på norsk» og «Ull på norsk». Felles for desse kursa er ein miks av gamle og nye nordmenn som på lik line går på kurs for å lære, der ringverknadane vert god språklæring og viktig nettverksbygging.
– Vi har ambisjonar om gradvis å auke antall inkluderande kurs frå 30 kurs fyrste året, så 40, og til 50 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Desse skal vera lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vera hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre, seier nytilsett prosjektleiar Kristin Teigen Stasviken.
– Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære, danne nettverk og inkludere. Vi samarbeider også tett med bygdekvinnelaget, ein av medlemsorganisasjonane våre, og haustar gode erfaringar frå deira prosjekt «KvinnerUT»:
Viktig erfaring frå KvinnerUT
Norges Bygdekvinnelag er ein svært god samarbeidspart for oss i utviklinga av dette prosjektet, og vi dreg stor nytte av deira erfaringar i prosjektet «KvinnerUT» og målretta arbeid for inkludering. Medlemsorganisasjonane våre jobbar innan mange fagfelt og knyter og arbeidet sitt opp mot gjenbruk og reparasjon av utstyr og klede, og val av berekraftige materiale, naturbruk, mat og matkultur. Vi har óg medlemsorganisasjonar som jobbar spesielt med kulturminnevern og naturvern, og vi har organisasjonar som jobbar med språk og kulturopplæring som motiverer fleire til å fullføre utdanning og senke terskelen for å kome seg ut i arbeidslivet. Alle kursa til Studieforbundet med mål om å inkludere nye nordmenn, kan omfatte desse fagområda. Økt deltaking på kurs gjev ringverknadar som auka engasjement, større deltaking i samfunnet og slik også auka deltaking i demokratiet.