Furusæter.
Flott gjeng med masse godt humør på padletur nedover Atnaelva. Foto: Inger Furusæter.
Atnaelva renn i rolige svingar og er godt eigna for å lære å padle. Foto: Siri Korsbøen Haugstad.
Turmatkurset med Ragnhild Moen Holø var svært populært. Foto: Inger Furusæter.

På kanotur med Venabygd Bygdekvinnelag

Med kanoar innleigd frå Ringebu kommune, inviterte damene i Venabygd Bygdekvinnelag til ein fartsfylt dag på Atnaelva i slutten av august.

Eit av medlemane i laget, Wenche Lia Spidsberg, ga eit lynkurs i kanopadling før ei heil kanoflåte med 21 spente deltakarar sette av garde nedover Atnaelva.

Elva er ei grunn elv, så etter ei kjapp innføring kjente både den yngste (5 år) og dei eldre deltakarane seg trygge i kanoen og hadde god kontroll på padleårer. Utsikta mot Rondane var formidabel og det var mykje spanande å sjå undervegs. Vatnet i elva er glassklart og mot sandbotnen kunne ein sjå ørreten som om det var eit akvarium.

Dette var artig å få til! Me har hatt det så kjekt i lag, seier Inger Furusæter frå styret i lokallaget. - Ein ekstra spiss på det heile var det å få lære meir om matlaging ute i lunsjpausa vår.

Damene i Venabygd Bygdekvinnelag hadde nemleg invitert med seg turmatentusiasten Ragnhild Moen Holø til å halde kurs i turmat i lunsjen. Moen Holø har sin eigen turmatblogg med inspirerande og deilige rettar ein kan lage ute på primus, og deltakarane tok utfordringa på strak arm. På menyen stod polarbrødblings med brie, salami og milde chili med ostefyll. Til dessert vart det laga smuldrepai med blåbær og vaniljesaus. Turmatkokken var storfornøgd med innsatsen, og såg fleire talent innanfor primus-kokkelering.

Bygdekvinnelaget i Venabygd inviterar bygda si til fleire aktivitetar i år gjennom prosjektet «Bygda i bevegelse». I haust skal dei på fottur i fjellet til Dørfallet, og seinare i vinter vert det fullmånetur. Alle aktivitetane annonserast på Facebook. I lokallaget er dei 13 damer, og det gjorde at dei var litt usikre på om dei hadde kapasitet til å delta i friluftslivprosjektet. Med mykje flinke ressurspersonar både internt og eksternt har turane gitt meirsmak.

- Me var litt skeptiske til om me fekk med oss folk på dette, så det var ekstra kjekt å sjå at det dukka opp så mange, fleire av dei ungdommar. Det er artig å få synt fram bygdekvinnelaget frå ei meir sporty side, avsluttar Inger Furusæter.

Tips! Tek du omsyn til naturen rundt deg, er det no lov å brenne bål ute igjen. Har du ikkje med deg primusen ut kan du kanskje teste nokre av oppskriftene til Ragnhild Moen Holø over bålglørne i helga?

BYGDA I BEVEGELSE

Dette handlar bygdekvinnelaget sitt prosjekt «Bygda i bevegelse» om:

I 2016 løftar Norges Bygdekvinnelag fram kvardagsaktiviteten. Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer i prosjektperioden til 650 opne folketurar over heile landet gjennom dei fire årstidene, med fokus på turglede og utemat. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar i naturen, senke terskelen for å kome seg ut på tur og motivere fleire til å vere fysisk aktive gjennom heile året.

Bli medlem