Lokallaget vårt er ein del av Norges Bygdekvinnelag som er ein frivillig organisasjon med lokale lag i heile landet. Me står for eit ope og inkluderande fellesskap, og lokallaget skal vera ein møteplass for kvinnene i bygda.
Me har aktivitetar ut i frå kva våre medlemmar ønskjer. Kanskje vil du vera med på det neste møtet vårt ? Du er velkommen til å finna ut om Bygdekvinnelaget passar for deg.