Adventmøte i Fitjar Bygdekvinnelag 27 nov. 2017

Me hadde ein fin og lun kveld i Peraløo dette året og. 49 påmelde til adventmøte, det vart servert god risengrynsgraut med alt godt tilbehør.. Vigdis Aarre Olsen leda oss gjennom kvelden.

Til kaffien fekk me heimebakte julekaker som komiteen hadde bakt, som smakte serdeles godt. Me vart og underholt av Karvel Strømme som las eit kjekt stykke or boka til Karl Gloppen.

Tilslutt vart  det eit flott foredrag av  Einar Matre  som spelte nydeligt på munnspel, og fortalte om ei segltur han hadde hatt med Statsråd Lemkul.

Som altid hadde me åresalg og utlodning, mange fine gevinster.

 

Bli medlem