31.08. Medlemsmøta starta med besøk av Smart Fritid v/Stig Jacobsen. Dette var eit ope møte og tema var røyking av kjøt og fisk. Han heldt eit glimrande foredrag, og stikkord var god råmateriale, salt, kvalitet og reinsemd, temperatur og smakstilsetting. Så reklamerte han svært positivt for Bygdekvinnelaga, noko vi sjølsagt tok til oss. Avslutningsvis var det rikeleg med smaksprøver og demonstrasjon av røykeomn.
02.10. var det høsttakkefest i Heddal Stavkyrkje. Der kunne vi i Bygdekvinnelaget bere fram høstens fine sjøldyrka grønsaker og frukter. Og vi baud også på kyrkjekaffi som tradisjonen er i Kafé Olea etter messa.
12.10 var Anne Kvalheim invitert for å fortelle om "Brobyggern". Ho hadde også med ei engasjert ung kvinne som hadde vore "skikkeleg på kjøret", som ho sa, men som nå gav oss eit verkeleg innblikk i kva hjelp og støtte kan bety når ein "blir sett" og tatt vare på.
Seinare på kvelden var det årsmøte i laget og der fekk vi også ei god orientering av fylkesleiaren Ellen Margrethe Garn om kva Telemark BK arbeider med. Sekretæren i styret, Bjørg Berg Sem takka for sine 4 år i styret og "stafettpinnen" gjekk vidare til Ingrid Haave Kaste.
Bjørg blei takka med blomar og gode ord av attvalt leiar Vera Tinnes Solaas.
09.11. Denne kvelden hadde vi besøk av nytilsett folkehelsekoordinator (ny stilling u/Rådmannen i Notodden) Signe Hordvei. Ved grafisk framstilling kunne ho forklare om positive trekk i Notodden og au nokre litt negative som det går an å gjøre noko med. Alt i forhold til landsgjennomsnittet.
Folkehelse er eit utruleg vidt spekter som gjeld oss alle i det samfunnet vi lever i, barn, vaksne og eldre i alle relasjonar. Innan heimen, nabolag og i storsamfunet.
Absolutt eit viktig tema for andre bygdekvinnelag.