Heddal Bygdekvinnelag lot seg inspirere av å få mer kunnskap om ville, spiselege vekster. Før i verden hadde folk god greie på det som kunne nyttast ute i naturen, like frå dei første spirane om våren til seint på høsten. Det kunne vere ein del av livberginga for mange. Deltakarane på dette kurset møtte ein dag i mai og ein dag i høst for å få variasjonen i plantelivet. Utruleg alt som kan nyttast til mat av ville urter. Gabi Larsen saman med kursdeltakarane laga til gode, smakfulle rettar ut av det vi finn i naturen her i Heddal.