Ja til norske grønsaker! Det du har på ditt middagsfat har ringverknader som strekkjer seg langt utover det enkelte måltidet. Difor vil vi i Gloppen Bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker.
For det første bør vi ete meir grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøkjing slår fast at 1 av 4 har fedme, og at eit mindretall av den vaksne befolkninga er normalvektige. Å auke inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst. 5 om dagen kan førebygge overvekt, diabetes type 2, hjertesykdom og visse former for kreft,
For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsaksproduksjon har eit lavt klimaavtrykk. I tillegg har vi gode føresetnader for å dyrke grove grønnsaker som kål, løk og rotgrønsaker i Noreg. Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og etast året rundt. Ved å velje desse, og andre typer norske grønsaker, kan du bidra til å redusere unødig lange transportetapper fra jord til bord med tilhøyrande klimabelastning.
For det tredje bør du velje norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. FN sin bærekraftmål seier, mellom anna, at vi skal jobbe for betre ernæring og fremme bærekraftig landbruk. Noreg kan bidra ved å produsere mest mogeleg næringsrik, trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspunkt i våre naturgitte føresetnader.
16.oktober er det Verdas matvaredag, og vi i Gloppen Bygdekvinnelag vil bruke dagen til å feire dei norske grønsakene. Om du, som oss, er opptatt av å ete sunt, norsk og kortreist inviterar vi deg til å vere med, og seie: Ja til norske grønsaker!