Rotgrønsaker og beter har eit høgt innhald av fiber som gjer dei gode og mettande. Foto: shutterstock
Rotgrønsaker og beter har eit høgt innhald av fiber som gjer dei gode og mettande. Foto: shutterstock

Supergrønsaker

- Løk av alle slag, saman med tomat, brokkoli og blomkål er grønsaker ein bør få i seg meir av, seier ernæringsfysiolog Gunn Helene Arsky.

Dei  er fulle av vitaminer, mineralar, fiber og andre aktive plantestoff, også kjent som antidoksidantar. Helseeffektane av eit auka inntak av grønsaker er store.

 - Nordmenn er ganske flinke til å ete frukt, men det lettare å ta seg eit eple eller ei banan, enn det er å bestemme seg for å ete meir løk. Du tar neppe med deg en løk i treningsbagen, seier Arsky .

Det enklaste og beste er å fylle halve middagstallerken med grønsaker. For dei som ikkje er så glade i heile grønsaker, anbefalar Arsky å lage puré eller grønnsaksjuice. Purerte eller juica grønsaker kan gå i alt frå brun saus til supper og basis for gryterettar. Eit anna måte å få i seg ulike grønsaker på er å smaksetje potetmos med purert gulrot, sellerirot, pastinakk, søtpotet eller brokkoli.

- Rotgrønnsaker som kålrot, pastinakk, gulrot, sellerirot og betar inneheld mykje fiber og ein del stivelse som gjer dei til fine og mettande grønnsaker, seier Arsky.

Ho anbefalar ein variasjon i måten å tilbereie grønsakene på.  Nokre næringsstoff er ekstra godt tilgjengelig for kroppen i kokt tilstand, som betakarotenet i gulrot, eller lykopenet i tomat. Andre stoff kan lekkje ut i kokevatnet eller bli øydelagt av varme, som vitamin C.

- Varier mellom kokt og rått, og spar steikt til fest sidan ein gjerne brukar meir feitt når ein steiker, i tillegg til at det kan danne seg uheldige stoff i steikeskorpa, seier Arsky.

Løk av alle slag, saman med tomat, brokkoli og blomkål er grønsaker ein bør få i seg meir av. Dei  er fulle av vitaminer, mineralar, fiber og andre aktive plantestoff, også kjent som antidoksidantar.




Ernæringsfysiolog Gunn Helene Arsky
oppmodar alle til å ete meir av dei
gode norske grønsakene våre. Foto: Juha Rossi.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Visste du at:

  • Løk av alle slag inneheld kreftførebyggande stoff som særleg hjelper i munnhule, svelg, magesekk og tarmar. Det vil seie der løken er i kontakt med slimhinnene.
  • Tomaten er rik på lykopen, eit stoff som er bra for hjertet, samt prostata.
  • Blomkål og brokkoli inneheld, som resten av  kålfamilien, svovelstoff som er bakteriedrepande og kreftførebyggande.

5 gode grunnar for å ete meir grønsaker:

  1. Kalorifattig – lett å holde vekten
  2. Mettende – fyller godt så du kan spise mindre av annet
  3. Fiberrikt – bra for tarmene og fordøyelsen
  4. Antioksidantrikt – forebygger kreft, hjerte- og karsykdom, diabetes type 2 og lindrer ved revmatiske lidingar
  5. Fargerikt – skaper appetitt og matopplevelser
Ja til norske grønsaker

Artikkelen er laga i samband med Bygdekvinnelaget sin aksjon "Ja til norske grønsaker". Målet med aksjonen er å auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker hjå norske forbrukarar.

16. oktober er verdas matvaredag, og mål 2 i FN sine bærekraftmål sier at vi skal utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk innan 2030. På verdas matvaredag vil over 130 lokale Bygdekvinnelag over heile landet markere dagen utan for sine nærbutikkar. Bygdekvinnelaget samarbeider med Gartnerhallen og vil saman setje søkjelyset på grønsaker som ei sunn og god norsk råvare. 

Bli medlem