Graut og vaffel.
Graut og vaffel.
Mette Marie snakkar om tradisjonsmat.
Mette Marie snakkar om tradisjonsmat.

Temamøte med Tradisjonsmat

Valldal bygdekvinnelag inviterte til ope møte med tema på Frivilligsentralen. Leiar  Mette Marie ønskte velkommen og fortalte om Norges bygdekvinnelag si satsing «Tradisjonsmat».

·         Kva kan det vere i våre bygder?

·         Kan laget vårt sende inn oppskrifter, gjerne med ei historie rundt?

·         Du treng ikkje vere medlem i laget for å delta.

 

Tradisjonsmat Valldal bygdekvinnelag             Valldal 31.mai 2017

Solveig Linge Stakkestad viste fram kokeboka DEN GODE SMAKEN som er utgitt av Møre og Romsdal bygdekvinnelag og handlar om bygdekvinner, mat og matkultur frå Møre og Romsdal.  Solveig snakka og om tradisjonar som er i endring til ei kvar tid og at det er bra. Det gir eit mangfald. Det å ete i lag, nytte det same dekketøyet og ha faste rituala gir oss noko nært, kjært og trygt.

Ho framheva den nordiske maten med gode råvarer som vi bør vere stolt av og bruke det.

Vi har eit kjøkken i Norge som kan måle seg med det beste i verda. Vi bør bruke norske namn og nytte norsk mat til gjestar og turistar.

Det er oppretta ein database:  norsktradisjonsmat.no.

 

Det var ein engasjert gjeng  med damer som kom med mange ulike forslag og tankar om kva dei opplevde som tradisjonsmat. Kva som er tradisjonsmat er i stor grad avhengig av kva du har vakse opp og kvar foreldra dine kjem frå. Lokalavisa Storfjordnytt ved Britt Ingunn var og med. Ho lagde ein reportasje frå kvelden.

 

Forslag:

·         Spekesild med kålstuing, raudbetar og nypotetar.

       -sild og potet var grunnpilar i kosthaldet for nokon generasjonar sidan

·         Fiskegrateng og plukkfisk

·         Kjøttkaker, kjøttsuppe og brennsnut

·         Bygg-gryn-til graut og suppe

·         Elgsuppe……Skrell

·         Blodmat og romjegraqut

·         Ball

·         Sveler

·         Sagopudding

 

Det ble servert graut og vaffel. For mange ein uvanleg kombinasjon, for andre ein tradisjon.

For ein hedmarking som aldri har smakt noko liknande  var det ei fantastisk smaksoppleving.

BygdekvinnelagetTusen takk til Nelly J

 

Bjørg Sætren Kleppe, nestleiar

Bli medlem