Onsdag 19. april kl 19.30 møtte vi, 32 medlemar, opp i Breidarheim med tema for kvelden; Bli betre kjent med DNT.
Leiar i Midtre Nordfjord Turlag, Katrine Fjellestad Aske og Bente Ellingvåg , turleiar for seniorane orienterte om aktiviteten i turlaget, utstyr ein kan låne, for eksempel truger, stegjarn osv. Dei orienterte om seniorturane der farten ikkje er fullt så rask, fleire kan være med, ikkje nødvendig å være senior for å være med.
Vi fekk sjå oppsett over planlagde turar, dette er turar vi kan tenke oss å være med på.
Turtips frå Katrine; Ha med kokeutstyr og ta pausar og kose seg ute på tur.
Meir informasjon om turane og medlemskap finn ein på UT.no, mnt.no og Facebook: Midtre Nordfjord Turlag.
Grete Lysen ønskte oss velkomne, vi koste oss med salatar, focaccia +platekaker til kaffien og avslutta med standard åresalg.
Innimellom alt dette las Astri Volle tekst frå gammal lagsbok frå Ungdomslaget, framtidsvyer som kanskje ikkje stemte heilt med dagens verkelegheit?