Årsmøte

Årsmøte i Oppstryn bygdekvinnelag

Vi har årsmøte i bygdekvinnelaget kvar første måndag i november. Der har vi eit programinnslag av ulik art. I år snakka Berta Urke Berge om gammalt helsearbeid i Tanzania, men lysbilde. Ein programpost som vi har hatt kvart år, i dei siste åra, er bokomtale, det vil seie at alle som møter tek med seg ei bok, eller omtalar ei bok dei har likt. dette blir notert og samanfatta i eitt dokument og sendt ut til medlemane etterpå. Så har vi årsmøte med val og andre årsmøtesaker. Til slutt er det servering og loddsal. Dei som er ansvarlege for møtet tek med kvar sin gevinst.

Bli medlem