Bygdekvinnelaget på tur.
Bygdekvinnelaget på tur.

Sjå lokallagssendinga hausten 2016

La deg inspirere av haustens informasjon til lokallaga

Her kan du laste ned lokallagssendinga.

Det er haust og organisasjonslivet i gang. Lokallagsaktivitetar, verving, prosjektet Bygda i bevegelse og råvareaksjonen "ville vekstar" gjev eit rikt organisasjonsliv. Vi gler oss til ein spennande haust, og ønskjer både nye og gamle lokallagsleiarar velkomne til eit nytt arbeidsår!

Arbeidsplan for 2017 og 2018

Ny arbeidsplanen for 2017 og 2018 legg saman med politisk plattform og strategi og vedtekter rammene for Bygdekvinnelaget sine aktivitetar. Bruk arbeidsplanen i arbeidet med eigne planar for aktivitetar og fokusområde. Det er ingen lokallag som kan gjere alt, så vel ut det dykk i lokallaget har lyst å jobbe med det neste året.

Vedtektsendringar

Norges Bygdekvinnelag sitt årsmøte vedtok store endringar i organisasjonen sine vedtekter. Endringsforslaga  har vore på høyring i alle lokal- og fylkeslag. Eit av måla med fleire av vedtaksforslaga var å forenkle vedtektene.

Vi tilrår alle lokallag å setje seg godt inn i vedtektsendringane før lokallagsårsmøtet. Det kan vere ein god ide å ha ei kort orientering om vedtektsendringar, og korleis det påverkar lokallaget under årets lokallagsårsmøte. Til dømes er talet på styremedlemmar endra. Mens ein tidlegare måtte vere minimum fem medlemmar i lokallagsstyret er kravet no frå 3-7 og 1-2 varamedlemmar.

Nye nettsider
Norges Bygdekvinnelag har fått nye nettsider. Det ligg godt til rette for at lokallaga no kan opprette nye og eigne sider. Les meir om dei nye sidene nedanfor.

Årsrapporteringskjema 2016

Årsrapporteringsskjemaet er forenkla i forhold til tidlegare. Vi har lagt ved skjemaet, men vi ønskjer at så mange som mogeleg nyttar  den elektroniske varianten.

For å kome direkte inn i skjemaet, klikk her. Husk å fylle inn e-post adresse og namn på lokallag (obligatoriske felt) før dykk kan gå vidare i skjemaet.  Frist for innsending er 1. desember 2016.

Del sendinga med lokallaget
Sendinga kan lastast ned på bygdekvinnelaget.no. Slik kan du dele den med heile styret.

Bli medlem