Laurdag gjekk historias fyrste NM i graut av stabelen på Dyrskuplassen i Seljord, med Norges Bygdekvinnelag som stolt medarrangør. Arbeidsgruppa for NM har bestått av Norges Bygdekvinnelag, Dyrsku’n, NOFIMA og Opplysningskontoret for meieriprodukter, leidd av tidlegare deltakar i VM i graut, Anne Røde.
Målet med NM var å hylle grauten som ein viktig del av vår kulturarv, fornye gamle tradisjonar og bidra til å lyfte fram våre nasjonale superkorn bygg og havre. Og sigeren, den var det sjølvsagt ei bygdekvinne som stakk av med!
16 deltakarar kniva om kven som kokte den beste grauten i kategoriane «tradisjonell graut kokt på vatn», «tradisjonell graut kokt på mjølk» og ein kategori av «nyskapande graut/festgraut» kor berre fantasien sette grenser. Konferansier for konkurransen var Linda Roalstad, kjent frå «Hele Norge baker».
Deltakarane fekk 30 minutt på seg til å koke sine grautar, før skålene forsvann opp til dommarteltet og dei tre dommarane Bodil Nordjore, Gunnar Bakke og Anne Karine Statle, som blindtesta seg fram til vinnarane i dei tre kategoriane.
Laila Røsholt Rød fra Lardal og Andebu Bygdekvinnelag stakk av med sigeren i heile to kategoriar på Dyrsku’n. Røsholt Rød stod att som vinnar både i kategorien «tradisjonell graut kokt på mjølk» og i kategorien for «nyskapande graut».
– Dette var utruleg kjekt. Det å få lov til å vere med å hylle dei gamle konsortane bygg og havre på denne måten betyr mykje for meg, fortalde ho.
Vinnar i klassen «tradisjonell graut kokt på vatn» var det Bjørg Nordbø frå Åmotsdal som vart, og ho stakk også av med den gjævaste prisen «Årets grautgrams», for grauten som dommarane synest var den aller beste frå alle dei tre kategoriane.
Heiderleg omtale fekk også festgrauten til Thorbjørn Kristensen, som var ein eksplosjon av fargar og som dommarane syntest det var vanskeleg å avgjere om var ein fantastisk god dessert eller ein festgraut. Kristensen, som er tidlegare vinnar av VM i graut i Skottland, skraut av det høge nivået på deltakarane i NM.
Deltakarar i NM 2016 var:
Alfred Kristiansen, Tiller
Anja Kastnes, Hattefjell
Anne Mari Amlien, Bøverbru (Vestre Toten Bygdekvinnelag)
Arnhild Bakken, Flatdal
Aslaug Groven Årnes, Gvarv
Bjørg Nordbø, Åmotsdal
Doggerbanken ved Ann Kristin Møsth Wang, Oslo
Duga ved Anne Marte Røen Bye, Rygge
Faste Gunnarsen Grøt, Haltdalen
Kari Moen, Kviteseid (Morgedal Bygdekvinnelag)
Laila Røsholt Rød, Lardal (Andebu Bygdekvinnelag)
Nofima ved Mads Erlin, Ås
Norges Bygdekvinnelag ved Ellen Krageberg, Biri
Susan Fraser, Asker
Tamara Kuklina, Stavanger
Thorbjørn Kristensen, Stjørdal