Styreseminar i BBK vart halde i Hol Kommune på stølen til Inger Margrethe. Sju ivrige damer var samla over tre dagar, tordag 25.- laurdag 27.aug. 16. Vi var effektive og jobba godt. Vår dyktige Sølvi leia oss godt, gjennomtenkt og raskt gjennom alle saker. Det vart tid til sosialt samver, og vi vart betre kjent med kvarandre. Det er viktig når vi skal dele på oppgåver i fylkesstyret. Det vart også tid til eit lite besøk på nabostølen hjå budeie Kari.