Om Heddal Bygdekvinnelag
Heddal Bygdekvinnelag blei stifta i 1928 og har idag 71 medlemmer. Vi er eit typisk "trivselslag" der vi også samarbeider med andre lokale organisasjonar. Vi vil vere samfunnsengasjerte, ta vare på bygdefolket sine sosiale, kulturelle og økonomiske interesser. Ein partipolitisk nøytral organisasjon, bygd på nasjonale og kristne verdiar.
Gjennom året finn du mange aktivitetar for trivsel, helse og personleg utvikling. Vi har møtene våre på torsdagar, vanlegvis i eit av bygda sine grendehus. Møta har eit tema, hyggeleg samver med kaffipause og utlodning. Medlemsmøter og kurs blir avertert i lokalavisa.
På Kyrkjetunet husflid er det veving. Vi har tri leseringar og Gangelaget er ute kvar måndag. Dessutan hjelper vi til med bingo på Haugmotun.
Du er velkommen hos oss i bygdekvinnelaget!