I Breim Bygdekvinnelag er vi gode på tradisjonar. Vi har fått ein tradisjon med "Kompardag" ein søndag i februar. Første åra brukte vi morsdagen til dette, i år var det første søndag i februar, monge ventar gjester eller har nokon å besøkje på morsdagen. Arrangementet krev ressursar, mest alle i laget stiller opp for å lage ein god dag. Anten jobbar i Breimshallen eller bakar kake. Maten vert betre for kvart år etter som erfaringa veks. I år var vi heldige med veiret, det var greitt å ta ut denne søndagen. Salen var nesten full dei første timane. Store og små kosa seg med komparar og godt tilbehør. Etter maten vart det servert kaffi og kaker i første etasje. Folk gav seg god tid, prata og kosaseg. Det er kjekt å treffast! Ein vellukka dag på alle måtar.