Bistandskutta vil vil gå ut over langsiktig bistand

Regjeringa foreslår i tilleggsproposisjon for 2016 at kostnadene for flyktningkrisa skal takast frå bistandsbudsjettet. Norges Bygdekvinnelag er bekymra for at regjeringa sitt forslag vil i stor grad gå ut over den langsiktige bistanden, og dermed auke faren for uro i nye områder.

Kutta rammar utviklinga av sivilsamfunna i utviklingsland
Regjeringa foreslåtte kutta rammar blant anna bistandsmidlane som går til dei dei norske sivilsamfunnsorganisasjonane som  arbeider med bistand for å styrke sivilsamfunna i utviklingsland.  I følgje eit innlegg  skreve av fleire organisasjonar, som stod på trykk i  Aftenposten torsdag 29. oktober 2015,  er sivilsamfunnsorganisasjoner sitt bidrag blant dei delane av bistanden der ein har best best resultat.

Forfattarane skriv at "Ved å bygge sterke sivilsamfunn i utviklingsland sikrer man langsiktig effekt av arbeidet. Kutt i støtten til sivilsamfunn og den langsiktige bistanden vil føre til at færre får hjelp og man oppnår mindre utvikling. Dette kan igjen føre til økt migrasjon, og betydelig økte kostnader i fremtiden". 

Mosambik
- Vi er bekymra for korleis regjeringa sine foreslåtte kutt til bistandsmidlar vil påvirke Norges vel, og såleis Bygdekvinnelaget  og Norges vel si felles satsing i Mosambik, seier generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag Cesilie Aurbakken.

Konsekvensar for kvinner i sør
Kutta vil også få konsekvensar for organisasjonen Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS). FOKUS består av kvinneorganisasjoner og kvinneutvalg i politiske partier, fagforbund, solidaritets- og bistandsorganisasjoner Norges Bygdekvinnelag der er ein av dei.

Her kan du sjå kva konsekvensar dei foreslåtte kutta vil ha for FOKUS sine mange planer for arbeid for kvinner og kvinners rettigheter i sør !

Bli medlem