Om noko hastar kan du ta kontakt med:
- Marna Ramsøy, leiar i Norges Bygdekvinnelag
Tlf. 926 85 856
E-post: marna.ramsoy@online.no - Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag
Tlf. 970 86 879
E-post: cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no
Vi vil takke alle lokal- og fylkeslag fo fantastisk innsats i 2015. Aktiviteten i lokallaga gjev oss ein møteplass for aktive kvinne.
Vi ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år og gler oss til å vere på plass igjen i 2016!
Det lyser i stille grender
I følgje Ivar Aasen-tunet skreiv Jakob Sande diktet sommaren 1931, og dette er diktet slik det første gong stod på trykk i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen "Julekveld". Lars Søraas d.y. (1887—1976) skreiv i 1948 den tonen som er mest brukt i dag.
Det lyser i stille grender [Julekveld]
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.
Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.
Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt.
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.