Bø bygdekvinnelag hadde sin årlege fest på sjukeheimen.
Leiaren opna med å ynskje alle eit godt nyttår og deretter las ho eit dikt "Et nytt år" av Ingrid Svendsen.
Ca. 55 var møtt opp.
To unge jenter, Jenny Marie Espeseth Kåsin spela hardingfele og Marthe Kristoffersen gitar.
Lang kaffepause med servering av bløtkake, kling og julebakst som bygdekvinnene hadde med seg.
Ein av gjestene, 99 år gamle Aslaug Wilhelmsen hadde lyst til å synge "Bø songen". Ho er fantastisk.
Etter dette sang 11 år gamle Anne ei koseleg vise om det å være "venner".
I denne tida er dette eit viktig tema, synes me.
Til slutt sang alle "Å leva det er å elska", til pianospell av Berit Sørbø.
Derettert takka leiaren for i dag og håpa at me treffast om eit år igjen.