Styret i Norges Bygdekvinnelag

Landsmøtet 2022

Vi ønskjer bygdekvinner fra heile landet velkommen til landsmøte i Bergen 10.- 11. juni 2022.

Her finn du sakspapirer til Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte 2022

 

Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte skal vere på  Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen. Hotellet ligg utanfor Bergen, berre ein kort tur frå Flesland flyplass.

På Landsmøtet samlast delgatar frå heile lander, men landsmøtet er ope for alle, og er ei hyggeleg oppleving sjølv utan tale- og stemmerett. 

Meld deg på! 
Trykk her for å komme til påmelding! Husk å logge deg inn på min side på bygdekvinnelaget.no for å melde deg på Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte 2022. Frist for påmelding er 28. april 2022!

Dette får du dekka om du er delegat til Landsmøtet:
Delegatane får dekka reise og opphald, frå fredag 10. juni og fram til møteslutt laurdag 11. juni, av Norges Bygdekvinnelag. Når du som delgat kryssar av for overnatting frå fredag 10.- laurdag 11. juni er inkluderer det overnatting frå fredag til laurdag, festmiddag fredag kveld og lunsj på hotellet fredag og laurdag. 

Prisar for landsmøtet 
Observatør
Du kan som observatør velje å melde deg på det som skjer frå oppstart av Landsmøtet fredag 10. til og med lunsj laurdag 11. juni. 

Enkeltrom 10.- 11. juni kr. 1865,- (prisen inkluderer frukost, lunsj, festmiddag og kulturkveld)
Dobbeltrom 10.- 11. juni kr. 1550, - (prisen er per person, inkluderer frukost, lunsj, festmiddag og kulturkveld)

Ekstra overnatting for delegater og observatørar
Du kan som observatør og delgat velje ekstra overnatting 9. juni til 10. juni og 11. til 12. juni.

Enkeltrom kr. 890,-
Dobbeltrom kr. 480,- (prisen er per person i rommet)

Dagpakke
Som observatør kan du velje dagpakke. Det inkluderer ikkje overnatting og middag om kvelden, men deltaking på Landsmøtet på dagtid, lunsj og mellommåltid under møtet.

Dagpakke kr. 570,-

Tur med Hordaland Bygdekvinnelag laurdag 11. juni
Både delegater og observatører er velkomne. Turen inkluderer omsyning og middag på Akvariet i Bergen. Denne er delvis sponsa.

Omsyning og middag på Akvariet i Bergen kr. 1000, -

Landsmøtesaker
Nokre av sakene som skal opp på Landsmøtet er politisk plattform, arbeidsplan for 2023 og 2024 og generaldebatt. Vi får også vere med på eit av årets høgdepunkt, nemleg kåringa av Årets lokallag. 

Frist for innsending av saker til landsmøte er 15. april 2022. 

Under landsmøte får du møte barne- og familieminister Kjersti Toppe (SP). Vi har utfordra Toppe til å dele sine meinigar om viktigheita av gode liv i levande bygder og frivilligheita si rolle. Toppe er i frå Bergen og før ho vart vald inn på Stortinget i 2009, har ho blandt anna jobba som kommunelege i Bremanger. 

Alle som har meldt seg på Landsmøtet får sakspapir i posten. Desse vert sendt ut 4 veker før møtet, slik at du har dei i god tid. Hugs å ta med sakspapira til Landsmøtet.  

Program fredag 10. juni
09.00 – 12.00 Registrering 
09.30 – 10.30 Tur med Hordaland Bygdekvinnelag
12.00     Lunsj
13.00     Åpning av landsmøte
14.45    Landsmøteforedrag med Statsråd Kjersti Toppe
18.00     Landsmøte dag 1 avsluttes
19.30     Festmiddag og kulturkveld

Program laurdag 11. juni
07.00     Frokost
08.30     Landsmøte dag 2
12.30     Lunsj
15.30     Landsmøte avsluttes
17.00     Tur og middag med Hordaland Bygdekvinnelag

Gåtur til Siljustøl 
Før møtet startar fredag 10. juni inviterer Hordaland Bygdekvinnelag oss med på ein hyggeleg gåtur til Siljustøl. På turen vil  Leiar i Hordaland Bygdekvinnelag Åsa Gunnarsdottir og Siv Helle Prestegard vere guidar. Dei skal dele historia og fortelje om komponist og musikar Harald Sæverud. Nytt sjansen til å lufte deg og oppleve litt av nærområdet før møtestart. Dette vert ein roleg gåtur, men ha gode sko. 

Landsmøtemiddag og kulturkveld
Etter landsmøtemiddagen fredag kveld byr Hordaland Bygdekvinnelag på kulturkveld med Linda Eide og Voss Spelemannslag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: NRK, Tore Zakariassen.

Linda Eide er forfattar, journalist og programleiar frå Voss. Eide er blant annet programleder for Eides Språksjov på NRK, og har tidlegare leia programmet Norsk attraksjon. I 2012 gav Eide ut boka Oppdrag mottro og i 2018 hadde ho premiere på teaterforestilling med utgangspunkt i boka. 

Tradisjonsrike Voss spelemannslag har stor aktivitet med mange musikarar, arrangørar av kappleiar og konsertar. Under fredagens kulturkveld er det Bygdekvinnene som får nyte musikken. 

Tur til Akvariet i Bergen. 
Laurdag ettermiddag inviterer Hordaland Bygdekvinnelag oss med på tur til Akvariet i Bergen. Akvariet i Bergen er det største i Noreg og ein av dei største attraksjonane i Bergen. Det vert omsyning i akvariet der vi får lære meir om livet i havet. Etter møtet med dyr og liv i havet vert det aperetiff og middag i restaurant Rotunden, som ligg under havet

«Menyen vil bli satt opp og tilberedt etter vår matfilosofi, som er å benytte tradisjonelle norske råvarer kombinert med andre continentale elementer, uten at det går på bekostning av den nordiske smaken.»              

Det gode selskap

Reise til Quality Hotel Edvard Grieg  

Transport til/fra Flesland Lufthavn. Det er enkelt å reise til hotellet med bybana. Bybanen tar deg til og frå Bergen Lufthavn Flesland og har hyppige avgangar. Haldeplassen som ligg nærmast hotellet heiter Equinor/Sandslivegen. Turen med bybana frå flyplassen til Sandslivegen tek om lag 7 minutter. Frå haldeplassen til hotellet er det 800 meter å gå. Følg skiltinga til hotellet. Du kan også ta bybana tur/retur  Bergen sentrum. Rutetider og priser finner du på www.skyss.no.

Med bil er det enkelt å komme til hotellet. Adressa er Sandsliåsen 50. Vær obs på at enkelte GPS ar kan sende deg inn på ein privat vei, så følg heller vegskilta og køyr inn på Sandsliåsen frå Sandslivegen.

Astrid Seime

Rådgiver
Tlf.
908 72 411
astrid.seime@bygdekvinnelaget.no
Landsmøte 2022

Kvar 
Quality Grieg Hotell i Bergen. 

Når
Fredag 10. juni til laurdag 11. juni 2022
Landsmøtedagane byrjar med lunsj klokka 12.00, og offisiell oppstart av Landsmøtet er fredag 10. juni klokka 13.00. Landsmøtet vert avslutta klokka 15.30 laurdag 11. juni. 

Påmelding
Meld deg på her! 

Du finn arrangementer ved å på inn på min side. Her ser du Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte under arrangement - kommende arrangement. For å melde deg på må du logge deg på min side
 

Dette gjer du for å logge inn på Min side 
For å logge inn på min side brukar du e-postadressa di som brukarnamn. Trykk glemt passord for å få tilsendt passord til di e-postadresse. Når du har motteke passordet ditt kan du opprette eit eige passord og logge deg inn. 
Om du treng bistand for å logge på min side kan du ta kontakt med Marie Aaslie på telefon 907 90 047

Når du melder deg på får du ulike val som du krysser av for. I påmeldinga skal du også fylle inn kven du skal dele rom med, gje beskjed om allergiar. Har du lyst til å delta på berre landsmøtemiddag og kulturkveld, eller delta ein dag med dagpakke er du hjarteleg velkommen til det. 

Spørsmål
Har du spørsmål  til påmeldinga kan du ta kontakt med Astrid Seime på telefon 908 72 411 eller Marie Aaslie på telefon 220 54 815. 

Har du spørsmål til Landsmøtet kan du ta kontakt med generalsekretær Cesilie Aurbakken på telefon 970 86 879

Bli medlem