Hordaland Bygdekvinnelag heldt årsmøte i Ulvik 19.-20. mars 2022.
Sjølve årsmøtet vart halde i Kongresshallen som er tilknytt Brakanes Hotel og servering av lunsj og festmiddag føregjekk i restauranten på hotellet.
Det var omlag 40 personar som møtte til møtet som var svært godt gjennomført. Det var også gode innlegg og diskusjonar til sakene som var komne inn i forkant.
Møtet vart avslutta etter planen kl. 18 og kl. 19.30 var det klart for festmiddag i restauranten "Draumen" på Brakanes Hotel.
Maten smakte fortreffeleg og mellom rettane var det allsong og me fekk høyre kulturelle innslag. Unge elevar frå musikkskulen i Ulvik spelte fint på piano for oss, og det lokale mannskoret "Kor so helst" underheldt med flott song, til stor begeistring for damene.
Hordaland Bygdekvinnelag hadde også selt lodd i løpet av dagen og dei flotte gevinstane vart trekt under middagen.
Sundag 20. mars kunne deltakarane velge mellom omvisning på Olav H. Haugesenteret eller på Syse Glas.