Eit lite bidrag fra laget vårt denne laurdagen, var å støtte opp om aksjonen til TBK. Ei hjelpesending vil kjøra til Ukraina like etter påske. Stiftinga har vore i Ukraina fleire gonger og har gode kontaktar i landet. Dermed kan dei love at hjelpa skal komme fram til innbyggjarane.
Gjevargleda fra heile kommunen var stor. Framleis er det mogeleg å levere varme gode klede, tepper, dyner, madrasser mm laurdagar mellom kl 10-12. Laget vårt bidrog med ei pengegåve på 5000 kr. Denne laurdagen spanderte vi kaffi og kaker på dei som leverte gåver og dei som jobba dugnad for stiftinga. Mariann Thunold hadde sydd eit Ukrainsk flagg etter ynskje fra stiftinga👏🏻.
https://www.kvinnheringen.no/koyrer-med-hjelpesending-etter-paske-garant...