Inviter med nye inn som medlem
Bygdekvinnelag over heile landet vil ha fleire medlemmer. Vis fram aktiviteten i laget og inviter til møter og kurs. På den måten når vi ut til flest mogeleg, så ofte som mogeleg.
Under organisasjonsdokument ligg det bilder til sosiale media. Bruk desse og fortell om organisasjonen og laget sitt arbeid og aktivitetar. Her er også Bygdekvinnelaget si nye vervebrosjyre!
Kor mange nye medlemmer klarar vi å verve i 2022?
I 2021 verva lokallaga 634 nye medlemmer. Det var ein auke på 262 fleire enn i 2020. Bli med å verve enno feire medlemmer i år!
2022 er frivilligheita sitt år. Vi skal vise fram kvifor frivillige organisasjonar er så viktige for levande bygder, sosiale møtestader, inkludering, lokal identitet og kulturarven. Veke 5,6 og 7 er organisasjonen sine verveveker. Bli med å vis fram den fine organisasjonen.
Gode grunnar til å melde seg inn i Norges Bygdekvinnelag
- Å vere med i et bygdekvinnelag er sosialt og trivelig
- Du kan delta i varierte og spennande aktiviteter
- Du kan engasjere deg og påvirke politikken i ditt lokalsamfunn
- Vi tek vare på og spreiar kunnskap om norsk matkultur og mattradisjoner