Never - flott råstoff
Never - flott råstoff
Gerd hadde med alt nødvendig utstyr
Gerd hadde med alt nødvendig utstyr
Bordet var pynta med eksempel på kva vi kunne lage
Bordet var pynta med eksempel på kva vi kunne lage
Ivrige damer hadde knappt tid til kaffe
Ivrige damer hadde knappt tid til kaffe
Gerd var dyktig og tolmodig "lærar"
Gerd var dyktig og tolmodig "lærar"
Gunn hadde laga stjerner før, det var lett å sjå
Gunn hadde laga stjerner før, det var lett å sjå
Solveig hadde invitert oss opp i det nye huset til gløgg og vørterkake
Solveig hadde invitert oss opp i det nye huset til gløgg og vørterkake
Eplegløgg, solbærgløgg og Gluhwein
Eplegløgg, solbærgløgg og Gluhwein

Adventsmøte

Torsdag 2. desember var vi samla til adventsmøte i Hauggrend.

17 damer var samla til ein koseleg kveld i Hauggrend.

På grendehuset var det gjort klart for neververkstad, Gerd og Gunnbjørg hadde fyra, pynta og funne fram alt vi trong for å lage jolepynt av never. 

Vi laga korger, stjerner og englar under god veiledning av Gerd, tusen takk til ho for at vi fekk never og tilgang på alt utstyr vi trong.

Etter at vi hadde "jobba" i eit par timar reiste vi opp til Solveig som ynskte oss velkomne i det nye fine huset med gløgg, vørterkake og jolekake.

Ein fin avslutning på adventsmøte, der vi og song nokre jolesongar, og hadde ein rask gjennomgang av lagssaker og nytt frå TBK/NBK

Bli medlem