Det er på høg tid å innføre eit sunt skulemåltid. Det vil ver eit løft for folkehelsa, sosial utjamning, skulemiljø og gode matvanar. Bustad og skule bør ikkje vere avgjerande om du får eit næringsrikt måltid i skulen eller ikkje.
Over halvparten av lærarane opplever dagleg eller fleire gongar i veka at elevane er ukonsentrerte fordi dei ikkje har ete nok i løpet av skuledagen. Berre ein av fem tilsette på skulen seier at dei ser at borna alltid har med matpakke.
Born og unge er i dag på skule og fritidsordning store delar av dagen. Folkehelselova fremjar skulen som ein viktig arena for det forebyggjande helsearbeidet. Då er eit felles gratis offentleg skulemåltid eit godt tiltak .
På skulen kan vi nå ut til alle og gjere ein skilnad i deira skulekvardag. Dette har effekt. Det blir meir rolege elevar, betre konsentrasjon og betre læringsmiljø. Elevane er opptekne av det sosiale rundt måltidet.
I debatten rundt skulemåltid, er det eit vanleg argument at det er for dyrt og vanskeleg å få til.. Nokre kommunar har fått dette til, t.d i Vinje kommune. Kanskje dette ikkje er så vanskeleg å få til—men det nå kome offentlege midlar.
Bygdekvinnelaget meinar at dette er så viktig at det ikkje bør overlatast til kvar kommune å få tll.
No må Stortinget innføre eit gratis skulemåltid for alle born i alle kommunar i landet.
Valldal Bygdekvinnelag
Solveig Linge Stakkestad