Distriksstyret 2021/22
Distriksstyret 2021/22

Styremøte, med lansering av ny logo som "dessert"

Etter litt over 1,5 år utan "vanlege" fysiske styremøter var det triveleg og endeleg treffes i dag!

 

Endeleg var dagen her da vi kunne ha fysisk styremøte! Vi var på Hafjell hotell og hadde styremøte, sommar avslutning og om kvelden var det lansering av ny logo på zoom med Norges Bygdekvinnelag! 

Gode diskusjonar er lettare og ha når ein møtes fysisk, og det gjorde skikkeleg godt og treffes!

Vi har fatta vedtak om korleis vi skal gjere det med støtte til Inspirasjonsseminar, om kva vi skal finne på i haust, starta å tenke på våren'22 og mykje meir i dag, det blir lagt ut under referater på heimesida vår om nokre dagar! 

Etter styremøte hadde vi middag, før vi rigga oss for å sjå på lanseringa av ny logo!! Må si eg "grugledde" meg. Skummelt med forandringar,veit du ;) Men logoen er fin den! Og med historia rundt den gjev den meining og! 

Den er rund, med "hol" i for å symbolisere at vi er inkulderande, men det er rom for både gå ut og inn av ringen. Det eg ser som kornband i midten , er og tre personar som er knyttsaman med felles band, i eit større fellesskap. Det er rom for alle i Bygdekvinnelaget! Fargane er inspirerte av raud låve i kornåker. Det vil ta tid for vi venner oss til denne, men eg trur at dette skal bli bra!

 

Sjekk logoen til lokallaget ditt her!

Brukermanual

 

Sjekk ut den nye logoen!
Bli medlem