Turen gjekk først til Randaberg der me fann ramsløk, geiterams, løvetann, skvallerkål og brennesle, flotte fotomotiv og noregshistorie. Etterpå fann me vegen til Madla og Stokkavannet, der me fann endå meir ramsløk.
Til slutt nytta me høvet til ein stopp ved Hafrsfjord og Sverd i fjell. ''Natur og kultur, kunnskap og vennskap i skjønneste harmoni'', for å sitera Eva, primus motor for turen og vertinne.
Vel heime att var det berre å reinska, vaska, blanda, koka, steikja og smaka! På bordet stod det til slutt brenneslesuppe og skvallerkålsuppe, begge servert med egg og rømme, ville vekster-salat, kjeks med laks og ramsløkpesto og løvetannrot- og geiteramssnacks surra i smør og salt.
Det vart ein innhaldsrik og velsmakande dag, og nå bør me ha nok ramsløkpesto heilt til neste vår.