Babystrikk

Vil du vera med på å strikka sokkar til nyfødde  kvinnheringar?

I Kvinnherad blir det fødd omlag 120 born kvart år. Omvikdalen bygdekvinnelag har i fleire år gitt dei nyfødde ved helsestasjonen i Rosendal ei lita velkomstgåve. No ønskjer vi at babyar ved alle helsestasjonane i kommunen skal få ei slik helsing, og då treng vi fleire babysokkar. 

Påskehelga står for døra, kanskje du har høve til babystrikk i solveggen eller i sofakroken om vêret vert dårleg? Du kan finna gratisoppskrifter her og her . Ferdige sokkar kan du levera til ein av oss i styret (sjå øverst på sida her).

LUKKE TIL, OG GOD PÅSKE!

 

 

Bli medlem