På sparket treff kom til på kort varsel. Men vi vart nokre som gjekk tur i lag, og fleire som vart samla til mat og prat. Det var verkeleg kjekt å møtast, vi fekk høyre om nye barnebarn, strikkeprosjekt, fall på glattisen og m.m.m.
Det vart også fortalt at laget hadde søkt om midlar til kursverksemd, det var planlagt organisasjonskurs der fleire lag kunne vere med. - På møtet kom også forslag om andre småkurs, t.d. beskjering av frukttre med Signe, stell av sommarblomster ved Peder ?, laging av fiskemat .
Kom gjerne med forslag, slik at vi kan starte opp når koronatida tillet det!
Alle 11 var enige om at det var kjekt å møtast, så vi prøver å la torsdag vere På sparket dag,- kl. 11 for dei som vil gå tur, ca kl.12 på Sylteormen Bakeri ! Vel møtt!!