Torsdag 5. november var det klart for årsmøte i Valldal Bygdekvinnelag. Mette Natland Valldal vart vald til ordstyrar og styrte med stødig hand.
Leiar Solveig presenterte årsmeldinga, og det var utruleg mykje vi hadde gjort dette året sjølv om alt ikkje gjekk etter planen pga Korona.
Kasserar Nelly Ytterli la fram rekneskapen. Den var revidert og godkjent.
Valnemnda hadde gjort godt arbeid, og mange var velvillige og ville stille på både i styret og i gruppene. - Dette kan du lese meir om i referatet som skrivar Sunneva har laga klart.
Jorbærstova stilte som vanleg opp med god avstand mellom sitjeplassane, god mat og drikke.
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I VALLDAL BYGDEKVINNELAG
kl. 18 torsdag 5. november 2020 på Jordbærstova. 13 møtte.
Leiar Solveig Linge Stakkestad las to dikt og ynskte velkomen.
Det vart ikkje "Samlesong" i år på grunn av Covid-19.
ÅRSMØTESAKER
Sak 1 Konstituering
Innkalling og sakliste - godkjende utan merknad
Møteleiar - framlegg om Mette N. Valdal - samrøystes vald.
Referent - framlegg om Sunneva Linge - samrøystes vald.
To til å skrive under møteboka - framlegg om Vigdis D. Mork
og Randi H. Heggen - samrøystes valde.
Sak 2 Årsmelding for VBK og undergruppene v/ Solveig Linge Stakkestad
Vigdis D Mork frå Kafegruppa og Randi H. Heggen frå Nyføddgåve
fortalde også litt frå sine grupper.
Eva Muribø gav ros for stor aktivitet i laget sjølv om det var Koronatid.
Merknad: Påskehelsinga, ei skål med stemor til alle medlemer, var
utegløymd. Årsmeldinga vart godkjend med denne merknaden.
Sak 3 Rekneskap v/ Nelly Ytterli
Inntekt kr 99493. Utgifter kr. 131241,41. Samla sum i banken kr 222373,24. Sansehagekonto kr.9783,20.
Fredagskafe kr 614. Boksal kr 800. Grasrotandel ca. kr 8200.
Momskompensasjon kr 6214. Kulturmidlar kr 3000.
VBk har sponsa m.a. Søndagsmiddag, Fjordhotellmøte, sommaravslutning,
Helsesista, tettstadutvikling, Sansehagen, Lucas til ambulansen.
Mette Valdal støtta pengebruken, sjølv om laget brukte meir enn vi tok inn.
Vi har romsleg økonomi på grunn av Seterboksal.
Rekneskapen var godkjend av revisorane. og vart godkjend av årsmøtet.
Sak 4 Arbeidsplan
Kort orientering ved Bjørg S. Kleppe
Arka vart lagde ut på borda, medlemene kunne krysse av for det dei likte, og ev. leggje til noko . Arka vart samla inn seinare av styret .
Sak 5 Kontingent
Framlegg frå styret om uendra sats, lokalkontigent framleis kr 0.
Samrøystes vedteke.
Sak 6 Saker frå styret/ medlemene/ open post
Judith G. Krogh Kom med ynske om eit førjuls "Syng med oss" på stova til dei som bur i Trygdeavdelinga. Aktiviteten her er no stoltrim.
Sjukeavdelinga har "Syng med oss". Bjørg orienterte om "Hyggjestunder" på VTS. Det var søkt om pengar til dette, og dei tre avdelingane ynskte seg ulike aktivitetar. Eit ekstra "Syng med oss" krev sponsing av VBK.
Sak 7 VAL v/ Turid Aspehjell frå valnemnda.
STYRE Solveig Linge Stakkestad leiar 2020 - 2021 attval
Nelly Ytterli 2020 - 2022 attval
Mette Marie Døving 2020 - 2022 attval
Bjørg Sætren Kleppe 2019 - 2021 ikkje på val.
Elin B. Smoge 2019 - 2021 ikkje på val.
1.vara: Sunneva Linge 2020 - 2021 attval
2.vara: Eva Bergdahl Muribø 2020 - 2021 attval
3.vara: Mette Natland Valdal 2020 - 2021 attval
4.vara: Else Rødal 2020 - 2021 attval
KAFEGRUPPE Vigdis D. Mork, Liv Eldri Båtnes, May Berli, Bodil Døving
2020 - 2021
TUR OG AKTIVITETSGRUPPE
Bjørg Sætren Kleppe (Styret) 2020 - 2021
Petra Jemtegård,Gerd Myren Hoel 2020 - 2022
HEIMESIDE Judith G: Krogh 2020 - 2021
SANSEHAGEN Judith G. Krogh, Else Rødal 2020 - 2021
SYNG MED OSS Astrid Bakke Andersen 2020 - 2021
NYFØDDGÅVE Randi Hole Heggen 2020 - 2021
REVISORAR Kristin V. Hjelme, Mette N. Valdal 2020 - 2021
VALNEMND Turid Aspehjell 2018 - 2021
Signe Brenna 2019 - 2022
Gerd Myren Hoel 2020 - 2023
Alle vala var samrøystes.
MAT: Karbonadesmørbrød og eplekake - svært godt.
Prøysenforteljing lesen av Bjørg under middagen.
KVISS v/ Mette. Signe og Turid vann trekninga om premien.
TREKNING v/ Nelly. Styret m/vara stod for gevinstane denne kvelden.
LEFSEKURS orientering v/Nelly. Det blir potetlefsekurs.
ADVENTSKALENDER frå fylket Orientering v/ Nelly.
Medlemer kjøpte med seg kalendrar heim., kr 100 pr. kalender.
70 ÅRS HELSING - blomar og vers til Vigdis D. Mork v/ Solveig.
Nelly har også fått blomehelsing nyleg. Ho takka for det.
Så var det TAKK FOR I KVELD og vel heim. Kjekt å møtast !
Sunneva Linge skrivar