Gjøra Bygdekvinnelag: Kurs i partering og 6- retters meny av lammet
Gjøra Bygdekvinnelag planla to samlingar med kurs i partering og matkurs. Dei samla fem damer til ein lærerik kveld med kurs i partering av eit heilt lam. Siw Jenstad Julbø og hennar mann Bjørn Julbø var leigd inn som kurshaldarar. Etter parteringa kverna dei kjøttdeig, salta på litt av kjøttet og lagde lammerull ferdig til koking.
Gjøre med 6-retters meny
Gjøra Bygdekvinnelag ville verkeleg bruke heile dyret, og samla folk til matkurs. På kurset fordelte dei lammet på seks ulike rettar med eigenproduserte grønsaker; lammefrikassé, lammeburger, fårikål, lårsteik, salta kjøt med potetball og greske kjøttbollar. I tillegg hadde vi tzatziki og rømmedip, og hadde kålrabi, gulrøter og poteter til.
Leiar i Gjøra Bygdekvinnelag Merete Bolme fortel at det er lenge sidan sist dei hadde eit stort arrangement, og koronaen gjorde dei litt usikre på korleis dei skulle gjere det. Dei bestemte seg for å invitere 15 gjestar til mat.
"Med håndsprit og engangshansker og med begrenset antall gjester håpet vi at dette skulle kunne gå bra", fortel Bolme. Ho fortel vidare at dagen blei ein suksess, og det vart mykje skryt for maten dei hadde laga.
Rettar frå heile lammet på menyen hjå Gjøra Bygdekvinnelag. Foto: Gjøra Bygdekvinnelag
Gossen Bygdekvinnelag: lammegryte
Fredag 16. oktober tok Gossen Bygdekvinnelag med seg eit heilt slakt av lam til Gossen barne- og ungdomsskule. I mat- og helsefag fekk heile 9. klasse lære å partere lam og smake på den herlege lammegryta bygdekvinnene hadde førebudd dagen før. Her finn du oppskrifta på lammegryte med hausten sine rotgrønsaker!
Her ser vi blide damen i Gossen Bygdekvinnelag som lagar lammegryte. Foto: Gossen Bygdekvinnelag.
Sandnes Bygdekvinnelag: delte ut 175 smaksprøver i Meny-butikken
Sandnes Bygdekvinnelag hadde eit godt samarbeid med alle aktørar og delte ut mange smaksprøver i butikken på verdas matvaredag. Dei hadde laga eigne handburgerbrød av surdeig og butikken bidrog med salat.
Gode lukter og god stemning i butikken når Sandnes serverte smaksprøver på lammeburger. Foto: Sandnes Bygdekvinnelag.