Torstein og Eivind kombinerar kjekjøt, turisme og kultur på Sølvane Gard i Kandal. Foto: Jens F. Anderssen.
Torstein og Eivind kombinerar kjekjøt, turisme og kultur på Sølvande Gard i Kandal. Foto: Jens F. Anderssen.

Med geitekjøt og opera på plakaten

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal ville gjere noko med geitekjøtet som vart kasta, og tok med seg både operakarriere og kreativitet på flyttelasset når dei overtok Sølvane Gard i Kandal.

-Det handlar om å bruke heile dyret. Vi har ein produksjon på eit dyr så brukar vi berre melka. Det synst eg er forkasteleg.  Vi må selje både kjøttet, skinnet og melka, seier Kollevåg engasjert. Han og sambuar Eivind Kandal håpar fleire vil oppdage og ete det gode kjekjøtet.

Kandal, som var tilsett som operasongar på operaen i Oslo og Kollevåg, som jobba som låtskrivar, ville begge ha med seg arbeidet med kultur vidare. I dag kombinerar sambuarparet produksjon av kjekjøt, turisme og kulturarrangement under dei bratte fjella i Kandal i Gloppen. Låven er bygd om til operascene der dei inviterar til både mat på låven, opera og vinsmaking, mens geitene brekar i underetasjen.

Selde geitekjøt til kollegene i Operaen i Oslo

Dei fleste som har geit, driv med melkeproduksjon, og bonden treng berre eit mindretal av geitekjea for å erstatte dei som ikkje lenger produserar melk. Bukkekjea vert avliva med ein gong. Kollevåg synst det var rart og ville vere med å selje geitekjøtet. Han tok det med seg til Oslo der kollegaer og vennar fekk kjøpe geitekjøt.  Mange av dei hadde aldri smakt kje- og geitekjøt tidlegare.

-Det er hard jobbing for å få selt kjøttet. Mange veit ikkje at ein kan bruke geitekjøt og dei færraste veit korleis ein kan lage det og korleis det smakar, seier Kollevåg. Han fortel vidare at kje- og geitekjøtet har ein mild og rund smak, og at kjøtet er mørt og godt. Men, det

Kenneth Andre Martin i Nortura forklarar at ei av dei største utfordringane med kjekjøt er å få økonomi i det grunna store slaktekostnader. Prisen ut til forbrukar vert difor veldig høg om geitebonden, Nortura og butikken skal tene pengar. Det gjer at kundegrunnlaget blir avgrensa. Det som er positivt er at mange geitebønder er veldig flinke til å selje sine egne kje. Desse legg vi til rette for med å lage nisjeavtaler med oss. Det er nettopp ein slik avtale Kollevåg og Kandal har gjort med Nortura i Førde.

Lite tilgjengeleg
Kandal og Kollevåg fortel at det er om lag umogeleg for mannen i gata å få tak i kjekjøt i vanleg daglegvarebutikk.

Martin i Nortura kan bekrefte at mange butikkar ikkje sel kje- og geitekjøt, men at det vert selt i kampanjeperiodar i butikkar som meny, mega og andre med ferskvaredisk, og at salet har auka frå 2013 og fram til i dag. Også Martin seier at lav betalingsvilje og liten kjennskap til bruken av kjøtet kan vere ein av grunnane til at kundegrunnlaget ikkje er stort nok.

Kandal og Kollevåg opplever at kje- og geitekjøt er meir ettertrakta enn sau- og lammekjøt når dei sel sine produkt på Bondens marknad. Sølvane Gard vil selje heile dyret og folk kan bestille både innmat, mage, bein, haud på deira nettsider. Dei fortel at dei brukar heile dyret-argumentet aktivt når dei skal selje sine produkt, særleg til restaurantar.

- Det er nokre restaurantar som spør etter berre filetert skank. Då må vi drive litt opplæring til restauranten, og seie at vi vil gjerne selje heile dyret. Ikkje berre fordi vi vil bli kvitt heile dyret, men fordi vi meiner dei må lære opp sine gjestar til at ein kan ete alt, seier Kandal.

Det Store Kjetegildet
Kandal fortel at dei starta opp laga dei eit event dei kalla Det Store Kjetegildet nettopp for å lære opp både restauranten og gjestane at ein skal smake på heile dyret, alt frå topp til tå, inkludert innmat . Dei inviterer ein restaurant med på laget og bookar restauranten for kvelden og sel det som eit event. Kokkane på restauranten set saman ein meny med dei råvarene Sølvane Gard skaffar. Kandal fortel at dei har nokre krav, som at du skal bruke bogen og ribbene, i tillegg til innmat og geitemelk i løpet av kvelden. Kandal og Kollevåg er sjølve i restauranten og fortel om gardsdrifta, og så syng gjerne Kandal i løpet av kvelden. Som eit resultat av Det Store Kjetegildet har mange fått smaken på geitekjøt og kjøper geitekjøt direkte frå Kandal og Kollevåg i deira nettbutikk.

-Det store kjetegildet er eit veldig artig  prosjekt, og det er utruleg mykje spennande mat som er kome ut av prosjektet, seier Kandal , som saman med Kollevåg har vore både i Oslo, Bergen, på Hoven og Sandane med det store kjetegildet.
 




Oppe på Mykladsstøylen under isbreen i Kandal beiter geitene heile sommaren saman med sau, hjort og hestar. 

Magiske Kandal
Kandal meiner ikkje at alle skal drive på same måten som dei. Han understrekar at dei  har ei spesiell interesse av å nytte heile dyret, få selt lokale varer og skape synergieffektar med dei andre bøndene i Kandal.  

-Vi vil jobbe saman med dei andre bøndene i bygda for å få Kandalen til å blomstre, seier Eivind.

Det er fleire av gardane i Kandal som har gjort om på produksjonen sin og byrja å tenke nytt. Andre bønder ringer og lurer på korleis dei har klart dette og kva type prosjekt dei kan starte opp i sine bygder. For Kollevåg og Kandal handlar mykje om at dei får  kombinere kultur med det tradisjonelle landbruket. Og, med eit komplisert regelverk for korleis ein kan gjere det jobbar dei saman med både innovasjon Norge og kommunen om vidare utvikling av garden.

-Når vi har arrangement her sit gjestane i miljøet og få ta og kjenne på skinnet mens dei er på konsert og når dei går ut kjøper dei med seg eit fenalår og skinn med seg heim, fortel Kollevåg.

Håpet er at når fleire vert kjent med både produksjonen, smaken av kjøtet og varmen frå skinnet aukar viljen til å betale prisen det kostar.

Sølvane Gard
  • I dag er nesten alle gardane i Kandal med på prosjektet og leverer både geit-, kje- og lammekjøt og skinn til Sølvane gard, som sel produkta i lokale butikkar, på nett og heime på garden.
  • Sjølve omtalar dei drifta av Sølvane Gard som eit resultat av et samarbeidsprosjekt mellom flere bønder i vakre Kandal i Gloppen (Nordfjord). Sambuarparet driv eit tilbake-til-bonden-prosjekt i Kandal som gjer at dei involverte bøndene er sikra ei betre og bærekraftig inntekt for å sikre fremtidsrettet drift med fokus på betre kjøttproduksjon.
  • Sambuarparet Eivind Kandal og Torstein Kollevåg byrja å selje geitekjøt i 2013. I 2019 var det dei som overtok all drift på garden som er to gardar i bygda Kandal, der Sølvane gard er hovudbruket.
  • På Sølvane gard leiger dei ut hus til turistar, og på Myklandstøylen kan du leige små sel og vakne opp til geitebreking og sauer utanfor døra.
Bli medlem