Hordaland Bygdekvinnelag – Nytt 2. 2020
Innhald 2 / 2020 Dato 24.juni 2020 Redaktør : Àsa Gunnarsdottir leiar i HBK
|
Kjære Bygdekvinner i Hordaland håpar de får ein fin sommar og får mykje gode opplevingar i vårt vakre land om de er heima eller i andre norske strøk.
Bygdekvinnelaget møteplass for aktive kvinner
|
FRÅ FYLKESSTYRET
Fylkesstyret takkar for eit godt årsmøte som me hadde på ZOOM den 9.mai. Me er stolte over at me klarte å gjennomføra vårt årsmøte slik og me takkar alle som var med for god deltaking. Me hadde også med oss gjester frå administrasjonen i Oslo, og det resulterte i at Landsmøtet vart gjennomført på ZOOM no 20.juni.
Styret takkar for tilliten og kan informera at me har allereie hatt vårt første møte som var faktisk på Hardanger Folkemuseum på Utne. Der trefte me vertslaga for årsmøtet som skulle ha vert i Eidfjord og fekk takka dei for arbeidet dei har hatt fram til Koronaen stoppa alt. Me fekk også takka avtroppande styremedlemer og ynskt velkomen dei nye som er komne i styret.
Styret har delt sine verv: Leiar Àsa Gunnarsdottir, nestleiar Brita B. Dagestad, kasserar Helga Fossheim, skrivar Siv Helle Prestegard og styremedlem Esther Falk.
Me vil i starten bruka digital møteplass og me vil freista å ta kontakt med lokallaga så snart som råd til hausten.
No er leiars tale lagt ut på heimasida til Hordaland Bygdekvinnelag og snart vil protokollen frå årsmøte verta lagt ut slik at alle kan lesa den.
Og de har også fått tilsendt høyring om årsmøte på fylkesnivå som skal behandlast på neste årsmøte som vil vera i Ulvik i mars 2021.
Kva skjer i Norges Bygdekvinnelag
Det er nokon store prosjekt som held fram dette året og neste:
-Tradisjonsmatskolen, med fokus på bærekraftig matkunnskap- her er det stønad til kurs
-KvinnerUT med arbeid for inkludering og KvinnerUT Mestring og Kompetanse der me kan vera med å styrka kompetanse til kvinner med minoritetsbakgrunn. Det er ope for å søka midlar for å gjera ein innsats her.
-Det er framleis aksjon for bygg i år, men følg med det kjem snart ny aksjon ”Bruk heile dyret” . Men flott om de held fram og snakkar for bruk av bygg i norsk mat. Sjå emneknagg på nettsida til Bygdekvinnelaget.
- Me har fått nytt Studieforbundet ”Kultur og Tradisjon”. Gå inn på heimasida kulturogtradisjon.no , og du vil sjå mange muligheiter som finnes.
SJÅ NETTSIDA TIL NORGES BYGDEKVINNELAG, DER FINN DU MANGE GODE IDÈER.
Landsmøte i NBK
Dei 5 deligatane som vart valde til å delta på landsmøte hadde først eit kort førebuingsmøte på ZOOM i veka før sjølve Landsmøtet. Det var viktig i og med at det var mange og store saker som vart håndtert på møtet. Landsmøtet sjølvt var også på ZOOM og det var kjekt at me i Hordaland hadde høve å vera saman i eit møterom i Bergen og deltok i møtet på ein storkjerm. Det vart behandla ny strategi mot 2026, ny arbeidsplan for 2021-2022. endringar i vedtekter spesielt med hensyn til fylkessamanslåingane, blant anna at fylkeslag kalles no distriktslag. Det vart vedtatt at forslag om å flytta årsmøta for lokallag til februar skal ut på høyring, slik at lokallaga kan få høve til å uttala seg om saka.
Ny leiar til Norges Bygdekvinnelag vart vald Jorunn Henriksen, og ho var me så heldiga å ha med oss på Hordaland Fylkesårsmøte i Myrkdalen 2019. Me på Hordalandsbenken var einige i at her har me fått ei verdig og flink leiar og me gler oss til å sjå meir til Jorunn i framtida.
Heimasida til fylkeslaget og lokallaga
Fylkesstyret ynskje å leggja til rette for at fleire kan få hjelp ved heimesidearbeid i sine lokallag. Om du ynskje hjelp med heimasida så kan du ta kontakt med Brita Dagestad som er vår heimesideansvarlege i fylkesstyret. Me håpar at flest mogleg skal kunna ha ei heimasida dei er stolte av. Det er jo så masse flott arbeid de gjer og det må de visa fram til oss andre. Om det er fleire som ynskje så vil me prøva å få til eit kurs snarast etter sommarferien i nærleiken av Voss. Brita tlf.95109975, brita.d.bjorke@gmail.com
Årets lokallag valgt på Landsmøte 20.juni 2020
Gratulerer Bjørgum Bygdekvinnelag, som no er kåra årets lokallag. Det var stor jubel blant delegatane på landsmøte i Bergen der me satt 5 stykker saman i eit lite møterom og deltok i Landsmøte på ZOOM. Dette er noko av det dei har gjort for å koma til denne standarden……
- Har fått stor auke i medlemstal dei siste åra med damer i alle alder og mange unge også. Og dette kan jo vera grunna det gode varierte arbeidet som vert gjort på laget.
- Har hatt fleire kurs i bakst og jobba mykje med forskjellige mattradisjonar dei siste åra, funnet gamle oppskrifter, testa oppskrifter frå andre og ikkje minst fått gitt ut oppskrift bok med spennande gamle oppskrifter der historien bak den vert fortalt.
- Har faste turdagar kvar veka, vår og haust som er ope for alle.
- Har varierte møter som er opne for alle i bygda. Held oppe positivitet og glede i alt dei er med på. Det er jo positivt å vera med i Bygdekvinnelag!
Klimahjørnet
Korleis kan me Bygdekvinner vera pådrivarar og påverka dei rundt oss til å gjera endringar for eit betre klima. Det vert ikkje betre klima om me ikkje er villige til å gje avkall på noko. Me vil oppfordra dykk til å koma med tips til klimahjørnet her.
Korleis kan me ha mindre utslipp etter kvar og ein av oss?
Kan me bygdekvinner påvirka dei andre rundt oss?
SEKS GREP FOR BETRE KLIMA Henta frå nettsida: https://www.nhh.no/nhh-bulletin/artikkelarkiv/2018/oktober/syv-enkle-grep-for-a-hjelpe-klimaet/ :
1. BRUK EN GJENBRUKBAR VANNFLASKE
2. KJØP SINGLE BANANER.
I Norge kastes 60.000 bananer daglig. Årsaken skyldes i stor grad at folk kjøper klaser med bananer, og ikke single.
3. BEREGN DITT ØKOLOGISKE FOTAVTRYKK
Ved å måle dine egne utslipp, vil du bli mer bevisst på valgene du tar og hvordan du kan gjøre dine klimaavtrykk mindre.
DU KAN MÅLE DITT KLIMAAVTRYKK ENKELT HER.
4. TA MED EN EGEN POSE NÅR DU HANDLER PÅ BUTIKKEN
5. KAST MINDRE MAT OG SPIS MINDRE KJØTT
6. REIS MED TOG, IKKE FLY.
Åsa
Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt
Ta kontakt om det er ting de vil ta opp med oss i fylkesstyret.
Bygdekvinnelaget møteplass for aktive kvinner