Tysdag, 2. juni. - I ettermiddag hadde vi dugnad nr 2 i Sansehagen ved Valldal sjukeheim. Veret var akkurat passe til hardt arbeid, og det var mange som ville hjelpe til. - 13 frivillege gjorde sitt beste med planting, luking, vatning, rydding og klipping! Særleg vart vi imponert over Jystina som køyrde heilt frå Ålesund for å vere med på dugnaden!! Ho har tidlegare plukka jordbær i Valldal og har derfor eit forhold til plassen.
No er det viktig at folk melder seg som vatnehjelp,- særleg jordbærpyramiden treng mykje vatning.
- Kjell Arne Valdal spanderte nye jordbærplantar på oss i år også.
- Linge Gartneri ga oss god pris på 2 stk hortensia som står ved inngangen til sjukeheimen.
- Kari Rem har også i år spandert tomatplante!
Tusen Takk!