LINGETREFF 12. mai
Desse møtte: Solveig, Bjørg, Nelly, Else, Kristi, Sunneva.
NBK vil gjerne vise korleis bygdekvinner og lokallaga
rundt om i landet førebur seg til 17.mai i år.
Dei ynskjer seg små filmar på ca. 20 sekund.
Desse skal setjast saman og sendast ut
på nasjonaldagen.
VBK-damer tok utfordringa, møtte på Solveig sitt kjøkken,
og laga 17. mai kremkake pynta med jordbær og blåbær.
Kristi fekk fotoansvaret og tok bilde av kakepyntinga.
Filmen viste også stemor på bordet, morellblomst ute
og i vindaugskarmen, dessutan vafler og graut frå Nelly.
Damene stilte i grøne VBK-skjorter og svarte NBK-forkle,
smilande og rett stilige var dei!
Til slutt vart det kaffeslabberas,
kaka varte ikkje til 17.mai!
HA EIN FIN 17.MAI!
Sunneva