På kort varsel kalla vi inn til ein liten dugnad torsdag, 7. juni. Vi annonserte ikkje pga Koronarestriksjonar. Men vi vart vel 10 -12 stk som heldt god avstand og jobba kjempegodt. Fekk gjort mykje med rydding av bed og bærbusker, plen, platting,gjødsling, hagemøblar mmm.
Blir ny dugnad i juni, håper vi då kan invitere alle som vil kome og hjelpe til!
Forresten,- fint om du kan vatne litt om du ser innom hagen. Vi har ikkje laga vatningslister enno. Det er også lov å ta litt ugras !