Grunna koronapandemien og myndigheitene sine anbefalingar held Bygdekvinnelaget landsmøte som videokonferanse i år.
- Vi såg verkeleg fram til å møte Bygdekvinner frå heile landet i Hordaland, men sjølv om det ikkje vert som planlagt, ser vi fram til eit annleis og spennande møte, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken.
Tidspunkt for Landsmøtet er 20. juni kl. 10.00 – 15. 00
Påmelding
Alle delegatar, observatørar og gjestar til Landsmøtet må melde seg på til organisasjonsrådgjevar Astrid Seime på e-post: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no
Fyll inn namn, fylkeslag, adresse, e-post, kva testmøte de vil delta på og telefonnummer i påmeldinga. Det er viktig at de sender inn den e-postadressa og det mobilnummeret som skal brukast under møtet.
Gje beskjed du skal sitje saman med andre frå ditt fylkeslag under Landsmøtet. Fylkeslaget kan gjerne sende ein felles e-post med deltakarinformasjon om alle delegatane.
Påmeldingsfrist 20. mai 2020!
Sakspapir
Sakspapir vert sendt ut både på e-post og i posten før møtet. I samband med utsendinga av sakspapir vil alle delegatane få informasjon om den digitale gjennomføringa.
Korleis vil det fungere?
Landsmøtet vert halde som eit videokonferansemøte på Zoom.
For at alle skal vere best mogeleg førebudde og trygge før møtet vil vi invitere alle delegatar og andre som vil delta til testmøter. Det vil bli gjennomført testmøter i Zoom med enkel opplæring. Skriv i påmeldinga kva testmøte du vil vere med på. Du kan velje å delta på eit av desse testmøta:
- Onsdag 3. juni klokka 11-13
- Fredag 5. juni klokka 11-13
- Tirsdag 9. juni klokka 18-20
- Onsdag 10. juni klokka 18-20
Mindre grupper
Om ein forheld seg til dei oppdaterte smittevernreglane ser det no ut til at mindre grupper kan samle seg i eigna lokaler med felles skjerm. Dette kan vere hyggeleg for delegatane i fylka, og dessutan gjere det lettare å avklare felles innspel til saker undervegs i møtet.
Gjennomføring av val
Skriftlege avstemming, som val av nytt styre, vert gjort ved hjelp av Questback, som er eit eige digitalt system for avstemming. Til dette må ein ha ein smarttelefon, som er ein mobiltelefon med Internett.
Frist benkeforslag
Forslag på andre kandidatar enn det som er foreslått av valnemda må meldast seinast 1. juni 2020 til generalsekretær Cesilie Aurbakken på e-post cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no.
Informasjon om eventuelle benkeforslag vert sendt ut til delgatane 2. juni 2020.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål til Landsmøtet, utfordringar med å skulle delta digitalt eller andre spørsmål, så ta kontakt med Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller Ingrid Lamark på e-post ingrid.lamark@bygdekvinnelaget.no.
Velkommen til landsmøte i Norges Bygdekvinnelag. Vi skal gjere vårt beste for at dette skal bli ei god oppleving for alle.