Forrige fredag fekk eg og mange andre overraskande besøk på døra. Styret i Valldal bygdekvinnelag fann ut at dei ville glede alle medlemane med ein påskeblomst, og dei køyrde rundt med stemorsblomst i flotte fargar!
Vi har fått mange tilbakemeldingar på at dette var eit lyspunkt i den tunge og rare tida vi er inne i. - Tusen takk frå oss alle saman!.
Solveig har også sendt oss påskehelsing på mail.
Eg vil ynskje alle ei god påske og ta vare på kvarandre. Her er siste verset av Arne Torget sitt koronadikt
Han kjem den dagen der vi skal reisa oss på ny
Å få livet i gjenge i bygd og by
Han kjem den dagen så fint på ei fjøl
Ein dag i det året vi vart kjendt med oss sjølv
Varm helsing frå Solveig