Laurdag 29. februar hadde vi da fiskematkurs på skulekjøkkenet på Ørskog skule. Fylkesleiar Monica Frisvold Vågan var dyktig kurshaldar. Ho starta med å fortelje litt om
bygdekvinner og arbeidet dei gjer. Ho fortalte og kven ho lærte å lage fiskemat av, som var far sin, som igjen hadde lært det av sin mor. Og det er nettopp dette tradisjonsmat handlar om; lærdom som går i arv frå generasjon til generasjon.
Det Monika ynskte vi skulle sitte igjen med etter kurset, var tryggheita på at dette er ikkje vanskeleg, og om ein
har fiskefiletane klare, så er fiskebollane laga på null komma niks!
Vi fekk mykje gode råd og veiledning, stemninga var lett og god og maten NYDELEG!
Det var ein lukkeleg gjeng som dro heim – ikkje berre med rause porsjonar med fiskebollar, fiskekaker og blandaball,
men også med nyvunnen sjølvtillit for kva ein kan klare å lage heime på sitt eige kjøkken.
Må også nemne at både NRK radio Møre og Romsdal og avisa Nytt i Uka fatta interesse for fiskekurset og
bygdekvinnelag, så i forkant av kurset var vi både både på radio og i avisa!
Skrevet av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Ørskog Bygdekvinnelag