Søndag 23. februar arrangerte Vbk søndagsmiddag der du kunne be med deg nokon. Vi var 22 svoltne personar som kom køyrande til Blåtind i Stordal. Der skulle vi på vikinggilde i Vikinghuset.
Ute snøa det godt, men inne var det fyr på peisen og 80 levande lys ( Liv Engeskaug talde!). Mørkt, men koseleg.
Vi vart ynskt velkommen av Ole Vikenes som driv Blåtind saman med kona Christine. No har dei også kjøpt Petrines I Norddalen,som dei held på å pusse opp.
Han fortalde historia om ein gong musikaren Eric Clapton plutseleg stod i døra saman med Arne Næss jr. Dei ville fiske laks i elva, derfor har dei ein Claptonhøl i elva, og dei serverer Claptonlaks!
Elles fortalde han levande om faren som hadde hatt mange byggeprosjekt som Blåtind, Vikinghuset og serveringsplassen på Kokarsteinen. No har han starta produksjon av larvar som kan brukast til mat for folk og dyr.
Åse Ekroll tok utfordringa og tok ein smakebit!
Vi hadde ein triveleg søndagsmiddag med mykje god mat og gode historier. Og ute var det skikkeleg vinterstemning i skogen!